Hopp til innhald

Eufoniaer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eufoniaer
Fioleufonia, Euphonia violacea Foto: Dario Sanches
Fioleufonia, Euphonia violacea
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Passerimorphae
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Finkefamilien Fringillidae
Slekt: Eufoniaer Euphonia
Desmarest, 1806

Eufoniaer er medlemmer av slekta Euphonia, ei gruppe neotropiske fuglar i finkefamilien. Slekta inneheld 25 artar som samla sett har utbreiing i Mexico, Mellom-Amerika, Sør-Amerika og på Jamaica. Saman med dei ti artane i slekta Chlorophonia gjer dei ut for underfamilien Euphoniinae.

Eufoniaer blei ein gong rekna som tanagarar, Thraupidae,[1] og dei har framleis uklår taksonomisk status.[2]

Slektsnamnet Euphonia kjem frå gammalgresk εὖ (), som betyr «vel, «god», og φωνή (phōnḗ), som betyr «lyd», og dermed «med god lyd», på grunn av det behagelege ropet til fuglen.[3]

Hos dei fleste artane av Euphonia har hannen mørk metallblå overside og har sterk gul underside. Mange har kontrasterande bleike panner og undersida av stjerten er ofte kvit. Nokon har lyseblå flekker på hovudet og/eller oransje underside. Hoene er mykje meir einsfarga, hovudsakleg olivengrøne overalt. Dei varierer i total lengd frå 9 til 11 cm. Dei et små frukter og bær, spesielt misteltein (Loranthaceae).[4] Nokre artar slik som purpurstrupeeufonia[3] kan også supplere føda med insekt.

Leveområdet er frå Mexico i nord til Paraguay og nordlege Argentina i sør, omtrent til Buenos Aires. Slekta har fråvære frå Chile. Ein art er endemisk til Jamaica, to artar finst på øyane Trinidad og Tobago.

Medlemmer av Euphonia i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V15.1, 2025,[5] med norske artsnamn etter Norske navn på verdens fugler.[6] Alle artar vurderte av Birdlife International er klassifiserte som livskraftige artar:[7]

BileteNorsk namnVitskapleg namnUtbreiingUtbreiingskart
JamaicaeufoniaEuphonia jamaicaJamaica
OransjekroneeufoniaEuphonia saturataColombia, Ecuador og marginalt nordlegaste Peru
BlyeufoniaEuphonia plumbeaBrasil, Colombia, Peru, guyanaregionen og Venezuela
PurpurstrupeeufoniaEuphonia chloroticaArgentina, Bolivia, Brasil, Colombia, Ecuador, guyanaregionen,
Paraguay, Peru, Uruguay og Venezuela
GuyanaeufoniaEuphonia finschiBrasil, Fransk Guyana, Guyana, Surinam og austlege Venezuela
MagdalenaeufoniaEuphonia concinnaColombia
VenezuelaeufoniaEuphonia trinitatisColombia, Trinidad og Tobago, og Venezuela
KrittgumpeufoniaEuphonia godmaniMexico
KratteufoniaEuphonia affinisBelize, Guatemala, Honduras, Nicaragua og
langs den atlantiske kystsletta i Costa Rica
GulkroneeufoniaEuphonia luteicapillaCosta Rica, Nicaragua og Panama
KvitmaskeeufoniaEuphonia chrysopastaBolivia, Brasil, Colombia, Ecuador, guianaregionen,
Peru og Venezuela
KvitgumpeufoniaEuphonia minutaSør-Mexico langs Stillehavskysten til nordvestlege Ecuador,
og på tvers av Nord-Sør-Amerika frå foten av dei austlege Andesfjella
til Pará i Brasil og sør til Nord-Bolivia
StåleufoniaEuphonia chalybeaNordaustlege Argentina, Brasil og Paraguay
FioleufoniaEuphonia violaceaTrinidad, Tobago og austlege Venezuela, sør til Paraguay og
nordaustlege Argentina
GulstrupeeufoniaEuphonia hirundinaceaFrå austlege Mexico sør til vestlege Panama
TjukknebbeufoniaEuphonia laniirostrisBolivia, Brasil, Colombia, Costa Rica, Ecuador, Panama,
Peru og Venezuela
SmusskroneeufoniaEuphonia imitansCosta Rica og Panama
GrøneufoniaEuphonia gouldiSørlege Mexico til vestlege Panama
BrungumpeufoniaEuphonia fulvicrissaColombia
RustkroneeufoniaEuphonia anneaeColombia, Costa Rica og Panama
GyllenbukeufoniaEuphonia xanthogasterBolivia, Brasil, Colombia, Ecuador, Guyana, Panama,
Peru og Venezuela
AndeseufoniaEuphonia mesochrysaBolivia, Colombia, Ecuador og Peru
GullflekkeufoniaEuphonia cayennensisBrasil, Fransk Guyana, Guyana, Surinam og austlege Venezuela
RustbukeufoniaEuphonia rufiventrisBolivia, Brasil, Colombia, Ecuador, Peru og Venezuela
KastanjebukeufoniaEuphonia pectoralisArgentina, Brasil og Paraguay
Referansar
  1. Banks, Richard C.; Cicero, Carla; Dunn, Jon L.; Kratter, Andrew W.; Rasmussen, Pamela C.; Remsen, J.V. Jr.; Rising, James D.; Stotz, Douglas F. (2003). «Forty-fourth supplement to the American Ornithologists' Union Check-List of North American Birds». The Auk 120 (3): 923–931. doi:10.1642/0004-8038(2003)120[0923:FSTTAO]2.0.CO;2.
  2. Imfeld, Tyler S.; Barker, F. Keith; Brumfield, Robb T. (2020). «Mitochondrial genomes and thousands of ultraconserved elements resolve the taxonomy and historical biogeography of the Euphonia and Chlorophonia finches (Passeriformes: Fringillidae)». The Auk 137 (3). doi:10.1093/auk/ukaa016.
  3. 1 2 Hilty, S. (2020). del Hoyo, J.; Elliott, A.; Sargatal, J.; Christie, D. A.; de Juana, E., red. «Purple-throated Euphonia (Euphonia chlorotica), version 1.0». Birds of the World Online. Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY. doi:10.2173/bow.puteup1.01. «i-faktaboks»
  4. Hilty, Steven L. (29. november 2002). Birds of Venezuela. Christopher Helm Publishers Ltd. s. 762. ISBN 0713664185.
  5. Gill, Frank; Donsker, David; Rasmussen, Pamela, red. (2025). «Parrots». IOC World Bird List Version 15.1. International Ornithologists' Union. Henta 10. mars 2025.
  6. Norsk navnekomité for fugl (NNKF) (11. november 2024). «Norske navn på verdens fugler (IOC14.1)». Birdlife Norge. Henta 10. mars 2025.
  7. «Artsliste Euphonia». Birlife International. Henta 7. september 2025.

    Bakgrunnsstoff

    [endre | endre wikiteksten]
    Commons har multimedium som gjeld: Eufoniaer