Europanto
Utsjånad
| Europanto | ||
| Klassifisering | konstruerte språk | |
| Bruk | ||
| Område | ||
| Europantotalande i alt | Ingen morsmålsbrukarar | |
| Skriftsystem | det latinske alfabetet | |
| Språkkodar | ||
| ISO 639-2 | art | |
Europanto er eit blandingsspråk med struktur henta frå engelsk, men med ordtilfang frå alle utbreidde europeiske språk. I prinsippet kan ein som talar europanto fritt hente ord frå europeiske ord han kjenner. Språket vart lansert i 1996 av Diego Marani, som er journalist, forfattar og tolk for EU-rådet i Brussel.[1]
Om språket er meint som en parodi, ein visjon eller eit skremebilete er uavklart.
Namnet Europanto hermar Esperanto og tyder 'alleuropeisk'; ordet er samansett av orda 'Europa' og det greske ordet πάντ- (pant-) som tyder 'all'.