Esperanto

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Esperanto

Esperanto-flagget

Klassifisering Konstruerte språk
Bruk
Esperantotalande i alt Ein estimerer rundt 160 000–2 000 000 talarar av språket og eitt og fleire tusen morsmålsbrukarar[1]
Skriftsystem det latinske alfabetet
Språkkodar
ISO 639-3 epo
Wikipedia på esperanto

Esperanto er det mest kjende og utbreidde internasjonale planspråket i dag.

Språkprosjektet, som er grunnlaget for esperanto, vart laga av askenasiske Ludowik Lazar Zamenhof frå byen Białystok (i det som no er Polen) og vart lagt fram i 1887.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Zamenhof var ikkje lingvist av yrke, men han hadde vakse opp i eit særs ueinsarta språkmiljø og opplevd språkproblem på nært hald heile livet. Białystok hadde vore ein del av kongeriket Preussen fram til byen vart russisk1800-talet. (Området høyrer no til Polen.) Innbyggjarane snakka polsk, russisk, kviterussisk, tysk og jiddisch om einannan.

Intensjonen med esperanto var at det skulle bli eit felles hjelpespråk, som alle kunne læra seg i tillegg til morsmålet, for å kunna kommunisera med folk med andre morsmål. Språket har overlevd med uforandra grunnstruktur fram til i dag, men sjølvsagt med mange nyord som kvart anna språk.

Esperanto i dag[endre | endre wikiteksten]

Esperanto har tilhengjarar over heile verda; ingen veit kor mange som kan snakka det. Ordforrådet i esperanto byggjer hovudsakleg på romanske språk med visse germanske og slaviske innslag, med enkle reglar for å setja saman for- og etterstavingar til nye ord. Grammatikken er gjennomført regelrett og langt meir lettlært enn i sokalla «naturlege» språk. Uttalen er grei: Éin bokstav – éin lyd; trykket alltid på nest siste staving.

I løpet av dei litt over hundre åra språket har eksistert, har det aldri «slått igjennom» som verdsspråk, sjølv om det vert brukt dagleg både av fleirspråklege familiar og på internasjonale treff, og ikkje minst på Internett.

Det er skrive mykje originallitteratur på esperanto, og språket vert brukt som arbeidsspråk av mange organisasjonar (for det meste organisasjonar som har med esperanto å gjera). Mange einskildpersonar brukar språket for å knyta kontaktar over landegrensene og skaffa seg vener eller faglege samarbeidspartnerar i fjerne land. Mykje teaterkunst og musikk vert stadig skapt på esperanto, og ein kan trygt seia at esperanto har ein eigen kultur.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Esperanto er eit språk til bruk i kommunikasjon mellom folk som har ulike morsmål. Det er lettare å læra enn andre språk, slik at det er større sjanse for at folk kan snakka på like fot med kvarandre. Til samanlikning har engelskspråklege ein stor fordel når det skal snakkast engelsk i internasjonale samanhengar. Den som forhandlar på framandspråket engelsk med folk som har engelsk som morsmål, har eit problem.

Esperanto er meint å vera meir rettvist i slike samanhengar, ved at ingen skal eiga det meir enn andre (difor møter me av og til omgrepet «nøytralt språk»). Det at det er så lett å læra som det er, gjer også at det er fleire som kan læra esperanto bra nok til å føra gode samtalar enn tilfellet er med andre framandspråk. Dette styrkjer kontakten mellom vanlege «menn og kvinner i gata», utan å favorisera dei som er spesielt flinke i språk, eller dei som har spesielt god tid (og spesielt mykje pengar) til å læra seg framandspråk.

Grammatikken og ordtilfanget[endre | endre wikiteksten]

Glosene i esperanto har stort sett latinske (om lag 60 %) eller slaviske (om lag 30 % av orda) røter. Alle ord som høyrer til same ordklasse, endar på same bokstav og vert bøygde likt, noko som gjer grammatikken relativt enkel.

Døme på gloser:

  • akvo (substantiv; endar difor på o)
  • purpura (adjektiv; endar difor på a)
  • fjordo (substantiv; endar difor på o)

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikipediaesperanto

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Esperanto

Kjelder[endre | endre wikiteksten]