Everett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frå midtbyen i Everett
Marinaen i Everett er den største på vestkysten av USA

Everett er ein by i Snohomish County i delstaten Washington i USA. Byen er fylkessete i Snohomish County. Everett hadde 103 019 ibuarar 2010. Byen, som ligg 40 km nord for storbyen Seattle, vart grunnlagd i 1855. Han har namn etter sonen til Charles L. Colby, ein stor forretningsdrivar i byen på slutten av 1800-talet.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Everetts tidlege økonomi var basert på skogsdrift og treindustri. I siste halvdel av 1960-åra bygde flyprodusenten Boeing ein stor fabrikk der det vert laga jumbojetar. Boeing hadde i 32 000 tilsette i Everett i 2006. Ein stor marinebase ved Everett vart teken i bruk i 1994, og sysselset i kring 6 000 personar.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

74,6% av ibuarane i Everett er registrert som kvite. Folk av asiatisk, latinos og afro-amerikansk herkomst utgjer dei største minoritetane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]