Everything's Alright
Everything's Alright Singel av The Mojos | ||
B-side |
«Give Your Lovin' To Me»[1] | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1964 | |
Sjanger | Merseybeat | |
Lengd | 2:15 | |
Selskap | Decca Records | |
Komponist | The Mojos | |
Tekstforfattar | The Mojos | |
Låtskrivar(ar) | Crouch, Konrad, Stavely, James, Karlson[1] | |
Produsent | Belinda Recordings | |
The Mojos-kronologi | ||
«Forever» (1963) |
Everything's Alright | «Why Not Tonight?» (1964)
|
«Everything's Alright» er ein song skriven og framført av The Mojos. Han vart gjeven ut som singel i 1964 og nådde 9. plass i Storbritannia.[2]
Uvanleg for denne tida var at begge sidene av singelen var skriven av bandet. «Everything's Alright» er tilskriven alle fem medlemmane i bandet (Nicky Crouch, Bob Konrad, Stu James, Keith Karlson og «Simon Stavely», eit psevdonym for pianisten Terence O'Toole). Berre Karlson, James og Stavely har skrive B-sida, «Give Your Lovin' To Me».[1].
Ein EP kalla The Mojos med «Everything's Alright» som opningsspor, kom ut seinare på året.
David Bowie spelte inn ein versjon av «Everything's Alright» for albumet hans Pin Ups i 1973, med Aynsley Dunbar på trommer, som tidlegare òg var medlem av The Mojos etter at «Everything's Alright» var komen ut.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Everything's Alright (The Mojos song)» frå Wikipedia på engelsk, den 4. mai 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: