Pin Ups

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pin Ups
Studioalbum av David Bowie
Utgjeve 19. oktober 1973
Innspelt Juli 1973, Château d'Hérouville, Pontoise, Frankrike
Sjanger Glamrock, protopunk
Lengd 33:42
Selskap RCA Records
Produsent Ken Scott, David Bowie
David Bowie-kronologi
Aladdin Sane
(1973)
Pin Ups Diamond Dogs
(1974)
Meldingar
Karakter
Kjelde Karakter
AllMusic 3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]
Robert Christgau B–[2]
MusicHound 3/5[3]
Pitchfork Media 5.9/10[4]
Rolling Stone (negativ)[5]
The Rolling Stone Album Guide 2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[6]

Pin Ups er det sjuande albumet til den engelske musikaren David Bowie frå 1973, og består berre av songar laga av andre musikarar på siste halvdel av 1960-talet, og som var Bowie sine personlege favorittar. Dette var òg siste album spelt inn i lag med musikarane som utgjorde The Spiders from Mars, som var bandet hans i Ziggy Stardust-perioden. Mick Woodmansey var derimot bytta ut med Aynsley Dunbar.

Pin Ups gjekk inn på albumlista i Storbritannia den 3. november 1973, heldt seg der i 21 veker, og nådde førsteplass. Plata gjekk inn igjen på lista 30. april 1983, og heldt seg denne gongen i 15 veker. I juli 1990 gjekk albumet nok ein gong inn på lista, denne gongen berre ei veke, på ein 52. plass.

Bowie spelte inn ei utgåve av The Velvet Underground sin song «White Light/White Heat» i samband med plateinnspelinga, men denne vart ikkje gjeve ut. Seinare gav Bowie instrumentalutgåva av songen til Mick Ronson for albumet hans Play Don't Worry i 1975.

Kvinna i lag med Bowie på plateomslaget er Twiggy, som var supermodell på 1960-talet.

Konsept[endre | endre wikiteksten]

Ideen bak Pin Ups var å skape ein pause mellom dei to intense konseptalbuma Ziggy Stardust, Aladdin Sane og Diamond Dogs. For å kunne gjere dette, spelte han inn eit coveralbum, utan å miste glamrockatmosfæren. I plateomslaget skildra Bowie sjølv Pin Ups som:

«Desse songane er blant favorittane mine frå '64–67'-perioden i London. / Dei fleste av gruppene spelte på the Ricky-Tick. / Somme er framleis med oss. / Pretty Things, Them, Yardbirds, Syd's Pink Floyd, Mojos, Who, Easybeats, Merseys, The Kinks. / Love-on ya!»

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «Rosalyn» (opphavleg spelt av The Pretty Things) Jimmy Duncan, Bill Farley 2:27
2. «Here Comes the Night» (Mest kjend med Them) Bert Berns 3:09
3. «I Wish You Would» (Mest kjend med The Yardbirds) Billy Boy Arnold 2:40
4. «See Emily Play» (Opphavleg spelt av Pink Floyd) Syd Barrett 4:03
5. «Everything's Alright» (Opphavleg spelt av The Mojos) Nicky Crouch, John Konrad, Simon Stavely, Stuart James, Keith Karlson 2:26
6. «I Can't Explain» (Opphavleg spelt av The Who) Pete Townshend 2:07
Side to
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
7. «Friday on My Mind» (Opphavleg spelt av The Easybeats) George Young, Harry Vanda 3:18
8. «Sorrow» (Opphavleg spelt av The McCoys) Feldman, Goldstein, Gottehrer 2:48
9. «Don't Bring Me Down» (Opphavleg spelt av The Pretty Things) Johnny Dee 2:01
10. «Shapes of Things» (Opphavleg spelt av The Yardbirds) Paul Samwell-Smith, Jim McCarty, Keith Relf 2:47
11. «Anyway, Anyhow, Anywhere» (Opphavleg spelt av The Who) Pete Townshend, Roger Daltrey 3:04
12. «Where Have All the Good Times Gone» (Opphavleg spelt av The Kinks) Ray Davies 2:35
Bonusspor (1990 Rykodisc/EMI)
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «Growin' Up» (Tidlegare ikkje gjeven ut tidlegare. Frå tidleg i Diamond Dogs-innspeligna. Opphavleg spelt inn av Bruce Springsteen) Bruce Springsteen 3:26
2. «Amsterdam» (Opphavleg spelt inn av Jacques Brel, engelsk omsetjing av Mort Shuman) Jacques Brel, Mort Shuman 3:19

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre medverkande[endre | endre wikiteksten]

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

  • David Bowie – produsent
  • Ken Scott – produsent
  • Dennis MacKay – lydteknikar
  • Dr. Toby Mountain – mastering-lydteknikar (1990)
  • Jonathan Wyner – masteringassistent (1990)
  • Peter Mew – mastering-lydteknikar (1999)
  • Nigel Reeve – mastering-lydteknikar (1999)

Lister[endre | endre wikiteksten]

Album

År Liste Plassering
1973 Finland 1
1973 UK Album Charts 1[8]
1973 Billboard Pop Albums 23[9]
1973 Noreg 8
1973 Australian Kent Report album Charts 4

Singel

År Singel Liste Plassering
1973 «Sorrow» UK Singles Chart 3[8]

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Organisasjon Nivå Dato
BPI – UK Gull 1. november 1973[10]

Andre songar frå denne tida[endre | endre wikiteksten]

Zion/A Lad in Vane/Aladdin Vein/Tragic Moments[endre | endre wikiteksten]

Ein gong mellom Aladdin Sane og Diamond Dogs starta Bowie på eit nytt prosjekt, som er sagt å vere ein musikal kalla Tragic Moments. I samband med dette prosjektet spelte han inn ein song som ikkje har hatt noko namn, men som på piratkopiplater har blitt kalla «Zion», «A Lad in Vain», «Love Aladdin Vein» og «Aladdin Vein». Ein har ikkje sikre bevis på kortid songen vart spelt inn, men mest sannsynlig vart han spelt inn under innspelinga av Pin Ups kring juli-august 1973, men kan òg ha blitt spelt inn under innspelinga av Aladdin Sane i januar 1973, eller dei første innspelingane for Diamond Dogs i oktober-november 1973.[11]

Innspelinga er ikkje ein ordentleg song, men heller Bowie som improviserer ein tekst over ei rekkje improvisasjonar. Songen er derimot ikkje ein jam, og er både arrangert og miksa.[11] Songen er ein peikepinn på dei neste stega i karrieren til Bowie, og somme frasar og melodiar i «Zion» vart nytta om att i «Sweet Thing (Reprise)» og «Rebel Rebel» på Diamond Dogs.[11]

Slaughter on 10th Avenue[endre | endre wikiteksten]

Den kreative partnerskapen til David Bowie og Mick Ronson, som hadde vart i fire år gjennom The Man Who Sold The World, Hunky Dory, Transformer, Ziggy Stardust, Aladdin Sane og Pin Ups var over dei siste månadane av 1973.

Samstundes med at Bowie slo igjennom med «Starman» på Top of the Pops i 1972, la òg mange merke til Ronson, og han fekk nesten like mykje fanbrev som Bowie gjorde. Det fanst soger om at dei fleste Bowie-platen i røynda var Ronson sine verk og at Bowie var noko Ronson og produsenten Ken Scott hadde skapt på grunn av dette. Dette er truleg årsaka til av Bowie kom til å spele inn Diamond Dogs meir eller mindre aleine for å stoppe desse rykta.[12] Bowie ønskte til slutt å byrje på nytt og hadde alt droppa Woody Woodmansey og Trevor Bolder, var i ferd med å ende sambandet til Ken Scott, og vurderte å skilje seg frå kona si. Han flytta ut frå heime sin og forlet England for godt. Ronson vart overlaten til seg sjølv.[12]

Ronson byrja å spele inn eit soloalbum, Slaughter on 10th Avenue, i august 1973. Både Ronson og Bowie hadde Tony Defries som manager, og det er uklårt om Defries tvang Bowie til å skrive songar for albumet, eller om Bowie frivillig skreiv eit par songar. Bowie føreslo for Ronson å spele inn ein song av Richard Rodgers, som vart tittelsporet.

«Music is Lethal» var ein song av Lucio Battisti i 1972 kalla «Io vorrei…non vorrei…ma se vuoi» som Bowie skreiv engelsk tekst til. «Hey Ma, Get Papa» er i hovudsak ein tekst Bowie skreiv for musikken til Ronson, medan den einaste songen Bowie skreiv aleine på albumet, var «Growing Up and I’m Fine», som i ettertid verkar som Bowie si farvelmelding og velsigning til Ronson.[12]

I Got You Babe[endre | endre wikiteksten]

«I Got You Babe» er ein song skriven av Sonny Bono og opphavleg framført av Sonny & Cher. Bowie framførte songen på ein TV-spesial kalla The 1980 Floor Show i 1973 på NBC-programmet The Midnight Special. Bowie hadde her enno ikkje funne ut korleis han skulle avslutte Ziggy Stardust og framføringa er ei blanding av fortida og framtida. Mick Ronson var framleis med, medan korsongarane var the Astronettes, som Bowie testa ut tidlege skisser av Young Americans-songar på. Det meste av showet var meint å gje eit visuelt sjokk der Bowie gjekk kledd i fleire bisarre drakter. «I Got You Babe» vart sungen i ein duett med Marianne Faithfull. Bowie var kledd i strutsefjør, medan Faithfull hadde på seg eit nonnekostyme med bar rygg.

Growin' Up[endre | endre wikiteksten]

Seint i 1973 hadde Bowie oppdaga debutalbumet til Bruce Springsteen, Greetings From Asbury Park N.J. og spelte kort tid etter inn to songar frå albumet. Songane vart ikkje gjevne ut på nesten 15 år, før dei kom på forskjellige CD-utgåver. Tidleg Springsteen og Bowie hadde mykje til felles, der begge hadde hatt ein lang karriere i 1960-åra utan å kome noko veg.[13]

Bowie sin versjon er ganske tru mot originalen, og Mike Garson på piano har sakka ned tempoet til David Sancious, medan Bowie syng det meste av songen med ein amerikanskliknande vokal. Som med songane Bowie skreiv for the Astronettes på same tida, verkar songen å vere eit tidleg utkast for Young Americans, og indikerer slik at Diamond Dogs kanskje var eit steg til sides.[13]

Songen vart spelt inn i november 1973 med Ron Wood på gitar. Songen vart første gongen gjeven ut som bonusspor på Ryko-utgåve av Pin Ups og sidan på 30-årsjubileumsutgåva av Diamond Dogs.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Eder, Bruce. «allmusic ((( Pin Ups > Review )))». allmusic. http://www.allmusic.com/album/r2484. Henta 8. februar 2016. 
  2. Christgau, Robert. «David Bowie». Creem. http://www.robertchristgau.com/get_artist.php?name=david+bowie. Henta 8. februar 2016. 
  3. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 151. ISBN 1-57859-061-2. 
  4. Wolk, Douglas (8. februar 2016). «David Bowie: Five Years 1969–1973». Pitchfork Media. http://pitchfork.com/reviews/albums/21066-five-years-1969-1973/. Henta 8. februar 2016. 
  5. Shaw, Greg (19 July 1973). «Pin Ups». Rolling Stone. http://www.rollingstone.com/music/albumreviews/pin-ups-19731220. Henta 8. februar 2016. 
  6. «David Bowie: Album Guide». rollingstone.com. Arkivert frå originalen den 30 May 2011. https://web.archive.org/web/20110530073307/http://www.rollingstone.com/music/artists/david-bowie/albumguide. Henta 8. februar 2016. 
  7. 7,0 7,1 7,2 «allmusic ((( Pin Ups > Credits )))». allmusic. http://www.allmusic.com/album/r2484. Henta 8. februar 2016. 
  8. 8,0 8,1 «UK Top 40 Hit Database». http://www.everyhit.com. Henta 8. februar 2016. 
  9. «allmusic ((( Pin Ups > Charts & Awards > Billboard Albums )))». allmusic. http://www.allmusic.com/album/r2484. Henta 8. februar 2016. 
  10. «BPI Certified Awards». http://www.bpi.co.uk/. Henta 8. februar 2016. 
  11. 11,0 11,1 11,2 Chris O’Leary. Zion (or Tragic Moments, or A Lad In Vein). Pushing Ahead of the Dame. Vitja 8. februar 2016.
  12. 12,0 12,1 12,2 Chris O’Leary. The Ronson Songs. Pushing Ahead of the Dame. Vitja 8. februar 2016.
  13. 13,0 13,1 Chris O’Leary. Growin' Up. Pushing Ahead of the Dame. Vitja 8. februar 2016.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]