Evmaios

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Mnêstêrophonía»: Belarane slakta av Odyssevs, Telemakhos og Evmaios (til høgre). Side A frå ein Campaniansk raudfigur klokkakratér, ca. 330 f.Kr., Louvre](CA 7124)

Evmaios (gammalgresk Εὔμαιος/Eúmaios)[1] er ein figur frå Odysseen, eit gresk episk dikt av Homer.[2] Han er med frå den fjortande songen (Odyssevs' samtale med Evmaios).

I gresk mytologi var Evmaios Odyssevs sin grisegjetar og ven. Faren hans, Ktesios son til Ormenos, var konge på ei øy kalla Syra (dagens Syros), sjølv om det òg har vorte antyda at Evmaios refererte til SiracusaSicilia.[3]

Odyssevs, når han kjem til heim, presenterer seg forkledd som ein tiggar for Evmeios, som tar varmt imot han. Det er i hytta hans Odyssevs avslører den sanne identiteten sin til sonen Telemakos. Grisegjetaren vil då hjelpa Odyssevs med å overvinna belarane, i den store hallen til det kongelege palasset på øya Itaka.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Graves, Robert (2017). The Greek Myths - The Complete and Definitive Edition (på engelsk). Penguin Books Limited. s. 94. ISBN 9780241983386. 
  2. Homer, nynorsk omsett av Arne Garborg (1918). Odysseen. Kristiania: H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard). 
  3. Samuel Butler (14. april 2015). Delphi Complete Works of Samuel Butler (Illustrated) (på engelsk). Delphi Classics. s. 3206–. ISBN 978-1-910630-86-0.