Félix Sánchez
| Félix Sánchez | |
| Statsborgarskap | USA, Den dominikanske republikken |
| Fødd | 30. august 1977 (48 år) Manhattan |
| Idrett | friidrett |
| Tok del i | Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000 |
| Utmerkingar | Laureus World Sports Award for Comeback of the Year |
Félix Sánchez (fødd 30. august 1977) er ein tidlegare hekkeløpar som representerer Den dominikanske republikken. I tida 2001–12 vann han to VM-gull, to OL-gull og eitt VM-sølv på 400 meter hekk.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Sánchez er fødd i New York City og voks opp i San Diego. Foreldra var frå Den dominikanske republikken. Etter å ha forbetra sitt personbeste på langhekken til 48,33 sekund i 2000, kom den store framgangen i 2001-sesongen. Ved verdsmeisterskapen i Edmonton den 10. august sprang han i mål til gullmedalje på tida 47,49, ny personbeste og fattige fem hundredels sekund føre italienaren Fabrizio Mori. Nøyaktig ei veke seinare forbetra Sánchez den personlege rekorden til 47,38 då han sigra i eit GP-stemne i Zürich. Eitt år seinare sigra han i Zürich på 47,35 og ny personbeste.
Under verdsmeisterskapen 2003 i Paris var Sánchez fullstendig suveren på 400 meter hekk, med livsbeste 47,25 sekund på spesialdistansen slo han andremann med bortimot eit sekund. I 2004 presterte han årsbeste med 47,63 i OL-finalen i Aten og vart olympisk meister. Dei neste sju sesongane oppnådde han ikkje betre tid enn 48,01, ei tid som rett nok gav han sølvmedaljen i Friidretts-VM 2007. I august 2012 fekk han notert tida 47,63 i OL-finalen i London, nøyaktig same tida som han hadde i Aten-OL åtte år tidlegare, og nett som den gongen fekk han gullmedaljen for prestasjonen. Sánchez la opp i 2015.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- VM 2001 i Edmonton: Gullmedalje – 47,49, framom Fabrizio Mori (47,54)
- VM 2003 i Paris: Gullmedalje – 47,25, framom Joey Woody (48,18)
- OL 2004 i Aten: Gullmedalje – 47,63, framom Danny McFarlane (48,11)
- VM 2005 i Helsinki: Nr 8
- VM 2007 i Osaka: Sølvmedalje – 48,01, bakom Kerron Clement (47,61)
- OL 2008 i Beijing: Utslått i forsøka (51,10=nr 22)
- VM 2009 i Berlin: Nr 8 – 50,11
- VM 2011 i Daegu: Nr 4 – 48,87
- OL 2012 i London: Gullmedalje – 47,63, framom Michael Tinsley (47,91)
- VM 2013 i Moskva: Nr 5 – 48,22
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Félix Sánchez» frå Wikipedia på engelsk, den 13. august 2015.
- Einskildmenn
- Fødde i 1977
- Dominikanske friidrettsutøvarar
- Hekkeløparar
- Verdsmeistrar i friidrett
- Olympiske meistrar for Den dominikanske republikken
- Dominikanske deltakarar under sommar-OL 2000
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2004
- Dominikanske deltakarar under sommar-OL 2004
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004
- Dominikanske deltakarar under sommar-OL 2008
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2012
- Dominikanske deltakarar under sommar-OL 2012
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012
- Folk frå Manhattan