Fôrutleggar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fôrutleggar i bruk i fôrgangen i kufjøset.

Fôrutleggar eller fôringsvogn er ei vogn som går på hjul inne i fjøset og deler ut gras gjennom botnen av vogna. Graset kjem som regel frå silo eller rundballe. Vogna går på straum frå kabel som vert rulla ut frå trommel, og som vert rulla inn på trommelen att når vogna går attende. Føraren av fôrutleggaren står på eit stigbrett bak på vogna som først går baklengs ut i fôrgangen i kufjøset. På tilbakevegen går vogna framlengs medan føraren ruller ut gras ved hjelp av ein annan knapp enn den som styrer rørslene til vogna. Mengda som vert lagt ut vert regulert av vognføraren.