Silo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kornsiloar i Port Giles i Australia.
Foto: Scott Davis

Ein silo er eit bygg eller eit rom for konservering og lagring av gras og anna silofôr i landbruket, lagring av matkorn, og til dømes på ei industriverksemd for anna som er eigna for slik form for lagring. Ein silo kan vere tårnforma (tårnsilo) eller plan, han kan vere frittståande eller ein del av ein driftsbygning i landbruket, eller eit tårnforma lagringsrom med tappeordning nedst, for lagring av korn (kornsilo), kol, sand eller anna.

Ordet silo vert òg nytta som ei kortform for silofôr. Dei som har ein silo slår og samlar i hop graset fleire gongar kvar sommar, og legg det i silo. Graset vert nytta som mat til storfe om vinteren.

Tidlegare vart graset turka til høy før det vart lagra. Etter at silosyra vart utvikla, vart det stadig meir vanleg å legga graset i silo. I nyare tid har et vorte vanlegare med rundballar, som gjer det mogleg å ta vare på surfor utan å byggje kostbare silobygg.

I Noreg har bruk av tårnsilo fram til no vore den vanlegaste metoden for å konservere gras. Anleggskostnaden er høg, sidan er kostnadane rimelege i lengda. Tårnsiloen gir ofte fôr med høg kvalitet. Pakkinga vert effektiv i ein høg tårnsilo fordi graset vert pressa godt saman av si eiga tyngd. Tårnsiloen er støypt i betong eller bygd i stål eller tre. Ved bygging i andre materialar enn tre må det takast omsyn til korrosjonen som ensileringsmiddelet medfører. T.d. kan ein offeranode koplast til armeringa i ein betongsilo. Det er mogeleg å mekanisere innlegging og/eller tømming med såkalla fylltømmarar. Elles er det vanleg med uttak med vinsj og silograbb. Den enklaste forma er manuell tømming med høygaffel og silospade.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]