Førde stadion

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Førde stadion
Adresse Førde kommune
Brukarar Førde, Saga, Anga
Underlag Naturgras
Kapasitet 3000
Tilskodarrekord ca. 3000

Førde stadion er eit idrettsanlegg i Førde, Sogn og Fjordane. Anlegget består av ei idrettsbane med grasbane for fotball samt gode fasilitetar for friidrett. I tillegg har anlegget ei kunstgrasbane med flaumlys. Anlegget ligg i tilknyting til Førdehuset, og fasilitetar for garderobe/dusj ligg i Førdehuset.

Førde Fotball sitt 2. divisjonlag for herrar spelar heimekampane sine på grasbana, medan dei andre laga frå kommunen stortsett nyttar seg av kunstgrasbana eller ei av dei tre andre kunstgrasbanene i kommunen. Førde stadion har ein total publikumskapasitet på kring 3000.