Føyka stadion
Føyka stadion | |||
Adresse | Kirkevn. 221, 1371 Asker | ||
---|---|---|---|
Opna | 1. juli 1950 | ||
Underlag | naturgras | ||
Brukarar | Asker, Asker Fotball Kvinner | ||
![]() Føyka stadion 59°50′06″N 10°25′41″E / 59.834889°N 10.427929°E |
Føyka stadion er eit fotballstadion i Asker som opna 1. juli 1950. Seinare vart det modernisert med fullverdig friidrettsanlegg og tribune (500 sete) og flaumlys og opna på ny 1. juni 1999. Stadionanlegget erstatta idrettsplassen frå 1923, som no er klubben sine grusbanar for 11-ar og 7-ar-fotball. Det var ein enkel løpebane rundt idrettsplassen. I 1965 opna klubbhuset, som seinare er påbygd tre gonger og i dag rommar administrasjonssenter for Asker Skiklubb og allianseklubbane Asker Fotball Kvinner og Asker Fotball Herrar. 14. desember 2004 opna klubben kunstgrasbane med undervarme. Anlegget har òg 1 kilometer lysløype og sandvolleyballbane. Stadionet vart tidlegare brukt som naturisbane om vinteren til skøyteløp fram til og med 1990/91-sesongen. Bana var arena for den skandinaviske ungdomslandskampen den 23.–24.2.1979.
Banerekordar
[endre | endre wikiteksten]Distanse | Løpar | Nasjon | Tid | Dato |
---|---|---|---|---|
500 m | Else Ragni Yttredal | NOR | 43,8 | 12.2.1991 |
1000 m | Else Ragni Yttredal | NOR | 1.33,7 | 5.1.1985 |
1500 m | Else Ragni Yttredal | NOR | 2.17,3 | 12.2.1991 |
3000 m | Bente Munkerud | NOR | 5.17,2 | 27.1.1985 |
Distanse | Løpar | Nasjon | Tid | Dato |
---|---|---|---|---|
500 m | Arne Nicander Nilsen | NOR | 40,4 | 26.1.1985 |
1000 m | Jan Bengtsson | SWE | 1.23,6 | 24.2.1979 |
1500 m | Ståle Njåtun | NOR | 2.06,5 | 9.1.1982 |
3000 m | Jan Tore Andersen | NOR | 4.30,1 | 27.1.1985 |
5000 m | Nils Egil Aas | NOR | 7.40,5 | 27.1.1985 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Føyka stadion» frå Wikipedia på bokmål, den 2. juni 2013.
- WSSSA
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (en) Føyka stadion – Profil og resultatoversikt på SpeedSkatingNews.info.