Hopp til innhald

Asker Skiklubb

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Asker Skiklubber eit idrettslag i Asker kommune som satsar på breddeidrett, inkludert både fotball, friidrett og orienteringsløp.

Skiklubben vart stifta i desember 1889 på initiativ frå skiløparen og skisportpioneren Laurentius Urdahl, som òg var formannen i klubben i åra 1890-93. I 1923 kjøpte klubben sine fyrste areal i Asker sentrum, samstundes som fotball og friidrett blei tekne opp på programmet gjennom innlemminga av Asker Idrettsforening. Etter krigen kjøpte skiklubben eit område der det blei bygd fotballstadion og løpebanar, kalla Føyka. Skiklubben har med dette blitt ein av dei største eigdomseigarane i Asker sentrum.

Skiklubben har gradvis vakse fram til å vere Noregs største idrettslag, med 5 432 medlemmer (31-12-06) og 17 ulike aktivitetar organisert gjennom ulike idrettsgrupper: alpint, bandy, barneidrett, fotball, friidrett, hopp, handball, kajakk, langrenn, orientering og skiorientering, skiskyting, trim, turløp og volleyball. Til saman organiserer Skiklubben 7000 aktivitetar for medlemane. Klubben arrangerer turorinteringsløpet Askeladden saman med Asker Turlag.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]