Hopp til innhald

FA-cupfinalen i fotball 1954

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

FA-cupturneringa i fotball 1954 vart avslutta med finale på Wembley stadion i London laurdag 1. mai 1954. Framfor 100 000 tilskodarar sikra West Bromwich Albion seg FA-pokalen for fjerde gong då laget vann med 3–2 over Preston North End.

Senterløparen Ronnie Allen gav West Bromwich leiinga 1-0 i det 21. minutt, omgåande utlikna Angus Morrison for Preston. Seks minutt ut i den andre omgangen skåra Charlie Wayman for Preston. Ronnie Allen ulikna på straffespark i 63. minutt. Einast fire minutt før ordinær tid var ute, vart WBA-spelaren Frank Griffin matchvinnar.

West Bromwich sitt vinnarlag bestod av: Jim Sanders, Joe Kennedy, Jimmy Dugdale, Len Millard (kaptein), Jimmy Dudley, Ray Barlow, Frank Griffin, Reg Ryan, Ronnie Allen, Johnny Nicholls og George Lee.

Preston North End mønstra: George Thompson, Willie Cunningham, Joe Walton, Tommy Docherty, Joe Marston, Willie Forbes, Tom Finney (kaptein), Bobby Foster, Charlie Wayman, Angus Morrison og Jimmy Baxter.