Hopp til innhald

FA-cupfinalen i fotball 1960

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

FA-cupturneringa i fotball 1960 vart avslutta med finale på Wembley stadion i London 7. mai 1960. Framfor 98 954 tilskodarar vann Wolverhampton Wanderers sin fjerde og siste FA-pokal ved å slå Blackburn Rovers med 3 – 0.

Eit sjølvmål i det 41. minutt sende Wolverhampton i føringa. Midtvegs i andre omgang la Norman Deeley på til 2 – 0, same karen fastsette sluttresultatet tre minutt før full tid.

Wolverhampton sitt vinnarlag bestod av: Malcolm Finlayson, George Showell, Bill Slater (kaptein), Ron Flowers, Gerry Harris, Eddie Clamp, Norman Deeley, Barry Stobart, Jimmy Murray, Peter Broadbent og Des Horne.

Blackburn stilte med: Harry Leyland, John Bray, Dave Whelan, Ronnie Clayton (kaptein), Matt Woods, Mick McGrath, Louis Bimpson, Peter Dobing, Bryan Douglas, Derek Dougan og Ally MacLeod.

Kevin Howley var dommar.