Ron Flowers

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ron Flowers

Ron Flowers (cropped).jpg

Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 28. juli 1934
Doncaster
Død

12. november 2021 (87 år)

Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 1966, VM i fotball 1962

Ronald Flowers (28. juli 193412. november 2021) er ein engelsk tidlegare fotballspelar frå Doncaster. Han var Wolverhampton-spelar i 15 år og spelte 49 landskampar for England i tida 1955-66.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Flowers fekk kontrakt med Wolverhampton Wanderers i 1952. Han var med om å vinne ligaen tre gongar i 1950-åra, to gongar kom laget på andreplass. Våren 1960 sikra Flowers og lagkameratane hans klubben ein solid triumf i FA-cupen med 3 – 0 over Blackburn Rovers i finalen. I september 1967 vart han overført til Northampton Town og spelte to sesongar for klubben.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Flowers fekk sin landslagsdebut borte mot Frankrike i mai 1955. Under Fotball-VM 1962 i Chile spelte han alle Englands fire kampar. I sin siste landskamp, 29. mai 1966 på Ullevål stadion i Oslo, var han med å vinne med 6 mot 1 over Noreg. Flowers var med i VM-troppa 1966, kom ikkje på bana. Han skåra i alt 3 landslagsmål på sine 49 kampar.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Ligameister: 1954, 1958 og 1959 med Wolverhampton
  • Vinnar av FA-cupen: 1960 med Wolverhampton

Kjelder[endre | endre wikiteksten]