FA-cupfinalen i fotball 1981

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

FA-cupturneringa i fotball 1981, den 100. i sitt slag, vart avslutta med finale på Wembley stadion i London og utkjempa mellom Tottenham Hotspur og Manchester City. Då laga spelte uavgjort 1-1 laurdag 9. mai 1981 måtte det omkamp til på same arenaen den 14. mai. Framfor 92 000 tilskodarar sikra London-laget Tottenham Hotspur seg då klubbens sjette FA-pokal med siffera 3-2.

Kampane[endre | endre wikiteksten]

Laudagskampen sende Tommy Hutchison Manchester City i føringa då det var spelt i 30 minutt. I det 79. minutt skåra Manchester City i eige mål. Fleire mål kom ikkje, heller ikkje i ekstraomgangane.

Omkampen torsdag 14. mai opna Tottenhan-spelaren Ricardo Villa skåringsprotokollen i det 8. minutt, allereie tre minutt seinare bringa Steve MacKenzie tilbake balansen i målstillinga. Fem minutt ut i andre omgang skåra Kevin Reeves for Manchester City på straffespark. I det 70. minutt utlikna Garth Crooks for Tottenham. Seks minutt seinare avgjorde Ricard Villa pokalstriden då han dribla seg forbi fire Manchester City-spelarar før han plasserte ballen i målet bak City-målvakta.

Tottenham-mannskapet bestod av: Milija Aleksic, Chris Hughton, Paul Miller, Graham Roberts, Steve Perryman (kaptein), Ricardo Villa, Osvaldo Ardiles, Glenn Hoddle, Tony Galvin, Steve Archibald, Garth Crooks, Garry Brooke.

Manchester City mønstra: Joe Corrigan, Ray Ranson, Bobby McDonald, Paul Power (lagkaptein), Tommy Caton, Dave Bennett, Garry Gow, Steve MacKenzie, Tommy Hutchison, Kevin Reeves. I den fyrste kampen Kom Tony Henry inn i det 105 minutt for McKenzie og i den avgjerande kampen kom Dennis Tueart inn i det 79. minutt for McDonald.

Keith Hackett dømde begge finalekampane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]