FA-cupfinalen i fotball 1987

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

FA-cupturneringa i fotball 1987 vart avslutta med finale på Wembley stadion i London 16. mai 1987, med om lag 96 000 tilskodarar til stades. Coventry City sitt mannskap stod for klubbens største stund då det vann 3-2 over Tottenham Hotspur etter ekstraomgangar.

Kampen[endre | endre wikiteksten]

Tottenham sjokkopna då Clive Allen i det andre minutt stanga i mål eit innlegg frå høgre. Sju minutt seinare stod det likt etter Dave Bennett fanga opp eit innlegg og skåra frå kort hald. I det 41. minutt tuppa Gary Mabbutt eit innlegg inn i hjørnet og Tottenham leia på ny. Midtspissen Keith Houchen utlikna for Coventry med ei heading i 63. min. Finalen vart avgjort seks minutt ut i ekstraomgangane. Eit Coventry-innlegg skrensa Tottenham-stopparen Mabbutt i ein boge over eiga målvakt.

Coventry City sitt historiske vinnarlag bestod av: Steve Ogrizovic, David Phillips, Brian Kilcline (kaptein), Trevor Peake, Greg Downs, Lloyd McGrath, Dave Bennett, Micky Gynn, Nick Pickering, Cyrille Regis, Keith Houchen. Kilcline gjekk av bana mot slutten av ordinær tid, inn kom Graham Rodger.

Tottenham mønstra Ray Clemence, Chris Hughton, Richard Gough (kaptein), Gary Mabbutt, Mitchell Thomas, Steve Hodge, Paul Allen, Glenn Hoddle, Osvaldo Ardiles, Clive Allen, Chris Waddle. Gary A. Stevens og deretter Nico Claesen kom i spel i fyrste ekstraomgang, Ardiles og Hughton måtte vike plass.

Neil Midgley dømde kampen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]