FC Steaua București

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
FC Steaua București
Fil:Logo for FC Steaua Bucuresti, 2015.svg
Fullt namnFotbal Club FCSB
Kort namnFCSB
Grunnlagd1947
HeimebaneArena Națională
(kapasitet: 55,634)
StyreleiarValeriu Argăseală
HovudtrenarBogdan Vintilă
LigaLiga I
NettstadHeimeside
Heimedrakt
Bortedrakt
Soccerball current event.svg Noverande sesong

Fotbal Club Steaua București er i ein fotballklubb i Bucuresti i Romania. Klubben vann Europacupen i 1986, som det fyrste fotballaget frå Aust-Europa. Også i 1989 nådde klubben finalen i same turneringa. Steaua har vunne 24 seriemeisterskap, fleire enn nokon anna rumensk klubb. Klubben har elles sigra i 21 gongar i den nasjonale cupmeisterskapen, også det rekord.

Idrettslaget ASA București (Asociația Sportivă a Armatei, på norsk: Hærens sportsforeining) vart stifta i 1947. Fram til 1961 hadde laget flere ulike namn, då laget tok det noverande namnet Steaua, som på norsk tyder stjerna. Historisk var Steaua idrettslaget til den rumenske hæren. Men i 1998 vart fotballavdelinga skild ut og danna ein eigen profesjonell fotballklubb. I dag er det ingen samband til hæren, bortsett frå at laget spelar heimekampane på Stadionul Ghencea, som er i forsvarsdepartementet si eige.

Steaua har i alle år spela i den øvste divisjonen i Romania, berre fem gongar har klubben vorte dårlegare enn nummer seks. Tidlegare spela klubben i nasjonalfargane til Romania; blått, gult og raudt. Sidan har klubben i lang tid spela i blå og raude fargar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]