Europacupen i fotball

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Europacupen i fotball for serievinnarar (fransk:Coupe des clubs champions européens) var ei årleg fotballturnering der serievinnarane i dei nasjonale toppseriane i Europa fekk delta. Europacupen, i Noreg ofte kalla Serievinnarcupen, vart arrangert i tida frå 1955 til 1992. Dei enkelte turneringane tok til om hausten det eine året og avslutta med finale i mai året etter.

Turneringa kom i gang på initiativ frå den franske sportsavisa L’Équipe, som i møte med det nyskipa Europas Fotballforbund (UEFA) 2.-3. april 1955 sette vilkåra for turneringa, som i alle år var ei utslagsturning med cupkampar. Lag frå 16 landsseriar deltok i den fyrste turneringa, som vart vunne av spanske Real Madrid. 32 lag deltok i den siste turneringa. Norske lag deltok ikkje i dei fyrste fem turneringane, men alltid sidan. Den fyrste europacupkampen fann stad 4. september 1955 i Lisboa, den siste 20. mai 1992 i London; finalen mellom FC Barcelona og Sampdoria. Europacupen vart, etter påtrykk frå dei mektigaste fotballklubbane i Europa, erstatta med Meisterligaen.

Vinnarar[endre | endre wikiteksten]

År Vinnar Resultat Finalemotstandar Spelestad
1956 Flagget til Spania Real Madrid CF 4-3 Flagget til Frankrike Reims Flagget til Frankrike Parc des Princes, Paris
1957 Flagget til Spania Real Madrid CF 2-0 Flagget til Italia Fiorentina Flagget til Spania Santiago Bernabéu, Madrid
1958 Flagget til Spania Real Madrid CF 3-2 etter
ekstra
omgangar
Flagget til Italia Milan Flagget til Belgia Heysel Stadion, Brussel
1959 Flagget til Spania Real Madrid CF 2-0 Flagget til Frankrike Reims Flagget til Vest-Tyskland Neckarstadion, Stuttgart
1960 Flagget til Spania Real Madrid CF 7-3 Flagget til Vest-Tyskland Eintracht Frankfurt Flagget til Skottland Hampden Park, Glasgow
1961 Flagget til Portugal Benfica 3-2 Flagget til Spania Barcelona Flagget til Sveits Wankdorf Stadion, Bern
1962 Flagget til Portugal Benfica 5-3 Flagget til Spania Real Madrid CF Det nederlandske flagget Olympisch Stadion, Amsterdam
1963 Flagget til Italia Milan 2-1 Flagget til Portugal Benfica Flagget til England Wembley stadion, London
1964 Flagget til Italia Inter 3-1 Flagget til Spania Real Madrid CF Flagget til Austerrike Prater Stadion, Wien
1965 Flagget til Italia Inter 1-0 Flagget til Portugal Benfica Flagget til Italia San Siro, Milano
1966 Flagget til Spania Real Madrid CF 2-1 Flagget til Den sosialistiske føderale republikken Jugoslavia Partizan Beograd Belgia Heysel Stadion, Brussel
1967 Flagget til Skottland Celtic 2-1 Flagget til Italia Inter Flagget til Portugal Estádio Nacional, Lisboa
1968 Flagget til England Manchester United 4-1 eeo Flagget til Portugal Benfica Flagget til England Wembley stadion, London
1969 Flagget til Italia Milan 4-1 Det nederlandske flagget Ajax Flagget til Spania Santiago Bernabéu, Madrid
1970 Det nederlandske flagget Feyenoord 2-1 eeo Flagget til Skottland Celtic Flagget til Italia San Siro, Milano
1971 Det nederlandske flagget Ajax 2-0 Flagget til Hellas Panathinaikos Flagget til England Wembley stadion, London
1972 Det nederlandske flagget Ajax 2-0 Flagget til Italia Inter Det nederlandske flagget De Kuip, Rotterdam
1973 Det nederlandske flagget Ajax 1-0 Flagget til Italia Juventus Flagget til Den sosialistiske føderale republikken Jugoslavia Raude Stjerne stadion, Beograd
1974 Flagget til Vest-Tyskland Bayern München 1-1 eeo
4-0
Flagget til Spania Atlético Madrid Flagget til Belgia Heysel Stadion, Brussel
1975 Flagget til Vest-Tyskland FC Bayern München 2-0 Flagget til England Leeds United Flagget til Frankrike Parc des Princes, Paris
1976 Flagget til Vest-Tyskland Bayern München 1-0 Flagget til Frankrike Saint-Étienne Flagget til Skottland Hampden Park, Glasgow
1977 Flagget til England Liverpool 3-1 Flagget til Vest-Tyskland Borussia Mönchengladbach Flagget til Italia Stadio Olimpico, Roma
1978 Flagget til England Liverpool 1-0 Flagget til Belgia Club Brugge Flagget til England Wembley stadion, London
1979 Flagget til England Nottingham Forest 1-0 Flagget til Sverige Malmö FF Flagget til Vest-Tyskland Olympiastadion, München
1980 Flagget til England Nottingham Forest 1-0 Flagget til Vest-Tyskland Hamburg Flagget til Spania Santiago Bernabéu, Madrid
1981 Flagget til England Liverpool 1-0 Flagget til Spania Real Madrid CF Flagget til Frankrike Parc des Princes, Paris
1982 Flagget til England Aston Villa 1-0 Flagget til Vest-Tyskland Bayern München Det nederlandske flagget De Kuip, Rotterdam
1983 Flagget til Vest-Tyskland Hamburg 1-0 Flagget til Italia Juventus Flagget til Hellas Olympiastadion, Athen
1984 Flagget til Italia Liverpool 1-1 eeo (4-2) Flagget til Italia Roma Flagget til Italia Stadio Olimpico, Roma
1985 Flagget til Italia Juventus 1-0 Flagget til England Liverpool Flagget til Belgia Heysel Stadion, Brussel
1986 Flagget til Romania Steaua București 0-0 eeo (2-0) Flagget til Spania Barcelona Flagget til Spania Sánchez Pizjuán, Sevilla
1987 Flagget til Portugal Porto 2-1 Flagget til Vest-Tyskland Bayern München Flagget til Austerrike Prater Stadium, Wien
1988 Det nederlandske flagget PSV 0-0 eeo (6-5) Flagget til Portugal Benfica Flagget til Vest-Tyskland Neckarstadion, Stuttgart
1989 Flagget til Italia Milan 4-0 Flagget til Romania Steaua București Flagget til Spania Camp Nou, Barcelona
1990 Flagget til Italia Milan 4-0 Flagget til Portugal Benfica Flagget til Austerrike Prater Stadion, Wien
1991 Flagget til Den sosialistiske føderale republikken Jugoslavia Raude Stjerne 0-0 eeo (5-3) Flagget til Frankrike Marseille Flagget til Italia Stadio San Nicola, Bari
1992 Flagget til Spania Barcelona 1-0 eeo Flagget til Italia Sampdoria Flagget til England Wembley stadion, London

Kjelder[endre | endre wikiteksten]