București

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Bucuresti)
Hopp til navigering Hopp til søk
București
Horisonten til București
Flagget til București Byvåpenet til București
Flagget til București Byvåpenet til București
Kallenamn
«Vesle Paris, Austens Paris»
Motto
«Patria si Dreptul Meu»
(Mitt land og min rett)
Plassering
București is located in Romania
Styresmakter
Land Romania Romania
Fylke București kommune
Grunnlagd 1459
Borgarmeister Sorin Oprescu
Geografi
Flatevidd
 - By
 - Storbyområde

228 km²
238 km²
Innbyggjarar[1]
 - Totalt (2011)
   - folketettleik
 - Storbyområde

1 883 425
  8 260,6 /km²
2 272 163
Koordinatar 44°26′7″N 26°6′10″EKoordinatar: 44°26′7″N 26°6′10″E
Høgd over havet 60 - 90 moh
Tidssone
- Ved sommartid
EET (UTC+2)
EEST (UTC+3)
Diverse annan informasjon
Postnummer 0xxxxx
Retningsnummer (tlf) +40 x1
Bilnummer B
Nettstad: www.pmb.ro

București (eller Bukarest) er hovudstaden i Romania, samt det økonomiske og industrielle sentrumet i landet. Byen ligg søraust i landet ved breidda av elva Dâmbovița. Sjølve București by har knapt 1,9 millionar innbyggjarar, medrekna storbyområdet om lag 2,3 millionar. Dette som gjer byen til den største mellom Berlin og Istanbul. București er den mest velutvikla byen i landet og er eit industrielt kjerneområde søraust i Europa.

Administrativt er București ein kommune (rumensk Municipiul București), men blir rekna til same administrasjonsnivå som eit județ (fylke). Byen er inndelt i seks sektorar. Saman med Ilfov fylke danner kommunen utviklingsregion București-Ilfovmakroregion 3.

Som ein europeisk by er ikkje București særleg gammal. Han vart første gong nemnd i 1459.[2] Sidan den gong har byen endra karakter mange gonger og vart hovudstad i Romania i 1862 og heldt stø kurs som senter for rumensk massemedia, kultur og kunst. Byen har bygg som er ei blanding av historisk, mellomkrigstids, kommunistisk og moderne arkitektur. I mellomkrigstida førte den elegante arkitekturen og den sofistikerte eliten til at București fekk kallenamnet «Austens Paris» eller «Vesle Paris» (Micul Paris).[3] Sjølv om mange byggverk og bydelar i det historiske sentrumet vart øydelagd av krig, jordskjelv og systematiseringpolitikken til Nicolae Ceaușescu, er det framleis mange som står att. Dei seinare åra har byen opplevd ein økonomisk og kulturell vekst.[4]

Økonomisk er byen den mest velståande i Romania[5] og er eit av dei viktigaste industrisentra og transportknutepunkta i Aust-Europa. Som den mest utvikla byen i Romania har București òg mange utdanningsinstitusjonar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Restane av Curtea Veche, det kongelege hoffet i București i mellomalderen.
București i 1837
CEC-palasset og den kongelege garden

București har både utvikla seg og forfalle heilt sidan dei tidlege busetnadane i antikken og fram til han vart hovudstad i Romania på 1800-talet.

Han vart først nemnd i 1459 og var residens for fyrst Vlad Tepes av Valakia. Det gamle fyrstepalasset (Curtea Veche) vart bygd av Mircea Ciobanul og under dei neste herskarane vart București sommarresidens for hoffet og kjempa med Târgoviște om status som hovudstad etter at Det osmanske riket hadde kome til sørlege område av Muntenia og kravde overhøgd.

București vart brend ned av osmanarane og ein periode på byrjinga av 1600-talet vart han forlaten av fyrstane. Byen vart derimot bygd opp att og heldt fram å vekse og utvikle seg økonomisk. Sentrumet var rundt gata Uliţa Mare, som frå 1589 vart kalla Lipscani. Før 1700-talet var han det viktigaste handelssenteret i Valakia og vart permanent residens for hoffet i Valakia etter 1698 (frå og med regjeringstida til Constantin Brâncoveanu).

Han vart delvis øydelagd av naturkatastrofar og bygd opp att fleire gonger dei neste 200 åra. Han vart råka av Carageapeste i 1813-1814 og byen vart rykt bort frå osmanarane fleire gonger av Habsburgmonarkiet (1716, 1737, 1789) og Det russiske riket (tre gonger mellom 1768 og 1806). Han kom under russisk administrasjon mellom 1828 og Krimkrigen, bortsett frå periodar under den valakiske revolusjonen i 1848 og då austerrikske troppar tok seg inn i byen etter at russarane reiste frå staden. Dei var i byen fram til mars 1857. I mars 1847 førte ein brann til tapet av 2000 bygningar og ein tredjedel av byen vart øydelagd. Det sosiale skiljet mellom rike og fattige i byen vart på denne tida skildra av Ferdinand Lassalle som ein «ukultivert lapskaus».

I 1861 slo Valakia og Moldavia seg saman og dannar Dei donauske fyrstedøma eller Fyrstedømet Romania og București vart hovudstad i den nye nasjonen. I 1881 vart han det politiske senteret i det nyoppretta Kongedømet Romania. På andre halvdel av 1800-talet auka folketalet kraftig og byen utvikla seg urbant.

Mellom 6. desember 1916 og november 1918 vart han okkupert av tyske troppar og hovudstaden vart flytta i eksil til Iași. Etter den første verdskrigen vart București hovudstad i Stor-Romania. Som hovudstad i eit land av Aksemaktene vart han kraftig bombardert under den andre verdskrigen av dei allierte] og 23. august 1944 vart det utført eit statskupp som førte Romania over på den andre sida i krigen. Som hemn vart byen kraftig bombardert av Luftwaffe. 8. november 1945, på kongen sin bursdag, slo den sovjetstøtta regjeringa til Petru Groza tilbake eit opprør som støtta kongen av Romania.

Under Nicolae Ceaușescu sitt styre (1965-1989) vart den mest historiske delen av byen øydelagd og byta ut med bygningar i kommuniststil, særleg høge leilegheitsblokker. Det beste dømet på dette er utviklinga som vart kalla Centrul Civic, som inkluderte bygginga av Parlamentpalasset, der ein heil historisk bydel vart jamna med jorda for å gje plass til Ceauşescu sine stormannsgale konstruksjonar. I 1977 råka eit særs kraftig (7,4 på Richterskalaen) jordskjelv byen. 1500 menneske mista livet og mange gamle bygningar vart øydelagd. Nokre historiske nabolag har likevel overlevd fram til i dag.

Den rumenske revolusjonen i 1989 byrja med store anti-Ceaușescu-protestar i Timișoara i desember 1989 og heldt fram i București, noko som førte til at kommunistregimet vart styrta. Studentforbund og opposisjonsgrupper organiserte protestar på stor skala i 1990, sidan dei ikkje var nøgd med det nye styret til Nasjonal Frigjeringsfront. Opprøret vart hardt slått ned av gruvearbeidarane i Valea Jiului. Fleire andre opprør følgde og regjeringa vart til slutt byta ut.

Etter 2000 har byen vorte modernisert i takt med den økonomiske oppsvingen i Romania. Det historiske senteret i byen vert kraftig restaurert, medan det er kraftig utbygging på både bustad- og handelssektoren.

Avtalar signerte i București
28. mai 1812, etter den russisk-tyrkiske krigen 1806-1812
3. mars 1886, etter den serbisk-bulgarske krigen
10. august 1913, etter den andre balkankrigen
4. august 1916, allianseavtale mellom Romania og Ententemaktene
6. mai 1918, avtale mellom Romania og Sentralmaktene

Demografi[endre | endre wikiteksten]

București hadde 1 883 425 innbyggjarar ved folketeljinga i 2011, medan regionen som òg omfattar Ilfov fylke, hadde 2 272 163.[1]

Folketeljing Folketal[6]
1948 (25.01.) 1 025 180
1956 (21.02.)   1 177 661
1966 (15.03.)   1 366 684
1977 (05.01.)   1 807 239
1992 (07.01.)   2 067 545
2002 (18.03.)   1 926 334
2011 (20.10.)   1 883 425

Etnisitet[endre | endre wikiteksten]

Den etniske samansetjinga av befolkninga i kommunen ut frå folketeljingane frå 1992 til 2011:[7]

År Rumenarar Ungararar Roma Tyskarar Jødar
1930 620 943 24 445 9 450 14 406 69 972
1956 1 294 318 11 804 1 851 5 531 44 219
1966 1 556 290 9 357 1 127 4 769 14 494
1977 2 046 924 10 033 13 996 5 565 9 199
1992 2 018 107 8 301 24 990 4 295 3 877
2002 1 869 069 5 834 27 322 2 358 2 473
2011 1 618 883 3 359 23 973 1 209 1 333

Språk[endre | endre wikiteksten]

Morsmål ut frå folketeljinga i 2011:[8]

Morsmål
Rumensk 1 645 419 87,4 %
Romani 3 619 0,2 %
Ungarsk 3 308 0,2 %
Ikkje oppgitt 11,5 %

Religion[endre | endre wikiteksten]

Religiøs tilknytning ut frå folketeljinga i 2011:[9]

Religiøst samfunn
Rumensk-ortodokse 1 587 951 84,2 %
Romersk-katolske 22 249 1,2 %
Muslimar 9 037 0,5 %
Ateistar 8 067 0,4 %
Pinsemenigheiter 5 050 0,3 %
Ikkje oppgitt 11,8 %

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Populația pe sexe după grupa de vârstă – macroregiuni, regiuni de dezvoltare, județe și categorii de localități (Befolkning etter kjønn og aldersgrupper - makroregionar, utviklingsregionar, lokalitetskategoriar, fylke)». Institutul Național de Statistică (Det nasjonale instituttet for statistikk). 31. oktober 2011. Henta 16. mars 2022. 
  2. «București reiseguide». Fodors. 
  3. «Muzeul Micul Paris (Museum vesle Paris. Atlas Obscura. 
  4. Cristina Bucica (2005). «Legitimating Power in Capital Cities: Bucharest – Continuity Through Radical Change?» (PDF). s. 6. Arkivert frå originalen (PDF) 28. oktober 2005. 
  5. «Regional Attractiveness Report Romania» (PDF). PriceWaterhouseCoopers Global. Arkivert frå originalen (PDF) 13. mars 2006. 
  6. «Populația la recensămintele din anii 1948, 1956, 1966, 1977, 1992, 2002 și 2011 – județe și categorii de localități (Befolkning i folketeljingane 1948, 1956, 1966, 1977, 1992, 2002 og 2011 – fylke og lokalitetskategoriar)». Institutul Național de Statistică (Det nasjonale instituttet for statistikk). Henta 17. mars 2022. 
  7. «Populația după etnie la recensămintele din perioada 1930-2011 – județe (Befolkning etter etnisitet i folketeljingane 1903–2011 – fylke)». Institutul Național de Statistică (Det nasjonale instituttet for statistikk). Henta 17. mars 2022. 
  8. «Populația după limba maternă – macroregiuni, regiuni de dezvoltare, județe și categorii de localități (Befolkning etter morsmål – makroregionar, utviklingsregionar, lokalitetskategoriar og fylke)». Institutul Național de Statistică (Det nasjonale instituttet for statistikk). Henta 17. mars 2022. 
  9. «Populația pe sexe, după religie – categorii de localități și județe (Befolkning etter kjønn og religion – lokalitetskategoriar og fylke)». Institutul Național de Statistică (Det nasjonale instituttet for statistikk). Henta 17. mars 2022. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: București
Wikivoyage-Logo-v3-icon.svg Reiseguide for București frå Wikivoyage