FK Vidar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Fotballklubben Vidar er eit idrettslag i Stavanger, grunnlagd 18. april 1906. Fotballklubben har endra draktfargar fleire gongar, siden 1971 har klubblaga spelt i heilraude drakter.

Mannelag[endre | endre wikiteksten]

Vidar hadde sine beste år frå 1981, då klubben rykte opp i 2. divisjon. Laget etablerte seg raskt i toppen av divisjonen, både i 1984 og 1986 enda det på andreplass i si avdeling og spelte kvalifiseringskampar om opprykk til 1. divisjon. I 1989 rykte Vidar ned i 3. divisjon etter åtte år i 2. divisjon. På 1990-talet gjesta klubben nivå to i seriesystemet, men både i 1994 og 1996 vart det nedrykk etter føregåande opprykk frå nivå tre.

Målvakta Egil Klinkenberg spelte 510 kampar for Vidar i perioden 1966-91, fleire enn nokon annan Vidar-spelar. Jan Fjetland er toppskårar med 289 mål.

Kvinnelag[endre | endre wikiteksten]

I 1979 melde kvinnefotballklubben Mulier, den fyrste reine kvinnefotballklubben i Noreg, seg kollektivt inn i FK Vidar. Fram til 2000 hadde då Vidar kvinnelag i seriesystemet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]