Fagerfjorden

Koordinatar: 70°4′44.130″N 19°8′42.180″E / 70.07892500°N 19.14505000°E / 70.07892500; 19.14505000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

70°4′44.130″N 19°8′42.180″E / 70.07892500°N 19.14505000°E / 70.07892500; 19.14505000 Fagerfjorden er ein fjord på nordsida av Ringvassøya i Karlsøy kommune i Troms. Fjorden strekkjer seg 1,1 km sørover til Norddalen i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Falkeberget i vest og Nordnes i aust. Det er ikkje vegsamband til fjorden, men langs austsida ligg gardsbruka (frå nord til sør) Nordheim, Slettvollen, Kveldssol, Fagerfjord og Engenes.