Fakkel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For fotosfærisk fakkel, sjå fakkel i astronomi.
Ein brennande fakkel.
Moderne fakkel nytta til eldsluking.

Ein fakkel er ei eld- og lyskjelde laga av ein stav med brennbart materiale i eine enden. Dette kan til dømes vera trefliser, tynne stikker eller bast, og materialet kan ofte vera innsett med til dømes bek, tjøre eller petroleum for å brenna betre.[1] Faklar er blitt nytta til opplysing, opptog, rituale og som symbol frå gammal tid. I moderne tid er dei ikkje i dagleg bruk, men kan nyttast seremonielt, mellom anna i demonstrasjonar og til å tenna bål som den olympiske elden. Faklar kan også brukast til eldsluking og sjonglering.

Fakkel som symbol[endre | endre wikiteksten]

Mange gudar i antikken blei viste med faklar i hendene. Dette gjaldt særleg gudar som var knytte til kjærleik og fruktbarheit.[1]

I det gamle Hellas blei det halde fakkelløp, lampadedromia, der ein frakta eld frå eit altar til eit anna så raskt som mogleg, i nokre høve til hest.[2]

Fakkelen er blitt nytta som teikn på opplysing og fridom, blant anna av Fridomsgudinna i New York.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «fakkel – brennfakkel». Store norske leksikon (på norsk). 23. august 2023. 
  2. Towneley, Parker Robert Christopher TowneleyParker Robert Christopher (20. desember 2012). «torch-race» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 978-0-19-954556-8. doi:10.1093/acref/9780199545568.001.0001/acref-9780199545568-e-6509?rskey=3ehvmu&result=15.