Falabella
Utsjånad

Falabella er ein miniatyrhest som er avla fram av familien Falabella i Argentina.
Raseskildring
[endre | endre wikiteksten]Falabellaen er ein av dei minste hesterasane som finst. Ein vaksen falabella kan vere så liten som 70 cm i mankehøgd. Dei er for små til å bli brukt til riding, og er i all hovudsak selskapsdyr.
Historie
[endre | endre wikiteksten]I laupet av dei siste 150 åra har falabellaen blitt avla fram frå mellom anna criollo, shetlandsponni, welsh mountain og særskilt små individ av engelsk fullblodshest.
Førekomst
[endre | endre wikiteksten]Falabellaen stammar frå Argentina, men har spreidd seg til store delar av verda. Falabellaen er særs sjeldan, og det finst på verdsbasis berre nokre få tusen individ. I Noreg finst det nokre få individ.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. (2021) |
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- www.falabellabreed.com Arkivert 2008-09-30 ved Wayback Machine.
- Norsk hesteside om falabellaen[daud lenkje]