Falcon 9

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ein Falcon 9-rakett før oppskyting av Iridium-satellittar frå Vandenberg Air Force Base i California
Falcon 9 under oppskyting
Eit Falcon 9-fyrstesteg kveikjer motorane før landing
Eit Falcon 9-fyrstesteg landar ved Cape Canaveral
Ein Falcon 9-rakett rett før ei vellukka landing til havs
Droneskipet «Just Read the Instructions» klar for landing av ein Falcon 9-rakett i Atlanterhavet

Falcon 9 er ein 70 meter høg tostegsrakett frå SpaceX.[1] Fyrstesteget på raketten har landa på jorda etter vellukka oppskyting fleire gonger, mellom anna på droneskip til havs.[2]

31. mars 2017 norsk tid vart eit Falcon 9-fyrstesteg nytta om att for fyrste gongen då det skaut opp kommunikasjonssatellitten SES-10. Dette fyrstesteget hadde skote opp last til Den internasjonale romstasjonen 8. april året før. Dette var fyrste gongen ein rakett i stand til å setja ting inn i jordbane hadde vore nytta om att sidan dei amerikanske romferjene.[3] Seinare vart endå eit Falcon 9-fyrstesteg nytta om att.[4]

Tidsline[endre | endre wikiteksten]

  • 4. juni 2010: fyrste oppskytinga av ein Falcon 9-rakett[5]
  • 22. desember 2015: fyrste vellukka landinga av eit Falcon 9-fyrstesteg[6]
  • 8. april 2016: fyrste vellukka landinga av eit Falcon 9-fyrstesteg til havs på eit droneskip[7]
  • 31. mars 2017: fyrste Falcon 9-fyrstesteg skote opp for andre gongen[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Falcon 9
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.