Familien Bohr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Niels Bohr, 1922

Bohr er ein dansk familie med vitskapsfolk, lærde og sportsfolk.

Kjende medlemmer:

Andre medlemmer:

  • Henrik Georg Christian Bohr (1813–1880), skolemeister, far til Christian og farfar til Harald og Niels
  • Jenny Bohr (1883–1933), syster til Niels og Harald
  • Ellen Adler Bohr (1860–1930), kona til Christian og mor til Harald, Niels og Jenny

Den eldste av Niels sine fem søner, som også heitt Christian, døydde i ei båtulukke i tidleg alder, og ein av hans andre søner døydde av hjernehinnebetennelse.[1][2][3] Dei andre levde framgangsrike liv, slik som Aage, som blei ein framståande fysikar, og som i likskap med faren mottok nobelprisen i fysikk. Hans andre søner var lækjaren Hans Henrik, kjemiingeniøren Erik og advokaten Ernest.[3]

To av Aage sine søner, Vilhelm og Tomas Bohr, er akademiske forskarar. Tomas er fysikkprofessor ved Danmarks Tekniske Universitet der han arbeider med væskedynamikk, medan Vilhelm er molekylærbiolog og vart medlem av det norske vitskapsakademiet i 2020. Deira to syskenbarn, Jakob og Henrik Bohr, er også professorar ved Danmarks Tekniske Universitet.


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Rhodes, Richard (1986). The Making of the Atomic Bomb. Simon & Schuster.  |access-date= requires |url= (hjelp)
  2. «The Nobel Prize». Niels Bohr-instituttet. Københavns Universitet. Henta 2. november 2016. 
  3. 3,0 3,1 «Niels Bohr - Biographical». Nobelprize.org. Nobel Media AB. Henta 2. november 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]