Fantasmagori

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fantasmagori på 1700-talet.

Fantasmagori er eit fantasibilete eller blendverk som vart nytta i teater der ein nytta optiske illusjonar, ofte bilete av spøkelsesaktige figurar danna av levande personar ved hjelp av magiske lanterner, speglar, holspegel og liknande. Bileta vart ofte vist fram blanda med verkelege menneske som opptrer på ei scene. Prosjektoren var mobil, slik at biletet kunne flyttast og endrast på skjermen. Fantasmagori vart oppfunnen i Frankrike seint på 1700-talet og vart populært i det meste av Europa (særleg England) på 1800-talet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]