Faro
| Faro | |||
| by | |||
Faro sett frå lufta | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Algarve | ||
| Distrikt | Faro | ||
| Areal | 201,6 km² | ||
| Folketal | 58 664 (2006) | ||
| Grunnlagd | 1266 | ||
![]() Faro 37°00′58″N 7°56′06″W / 37.016111111111°N 7.935°W | |||
| Wikimedia Commons: Faro, Portugal | |||
| Nettstad: http://www.cm-faro.pt/ | |||
Faro er ein hamneby i Algarve i Portugal. Byen hadde 41 934 innbyggjarar i 2004.[1] Han er den største byen i Algarve og «hovudstad» for regionen.[2]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Faro blei erobra av maurarar i 1249.[2] Byen har vore bispesete sidan 1577.[2] Som mange andre stader i Portugal blei store delar av byen øydelagd av jordskjelvet i Lisboa i 1755.[2]
Natur
[endre | endre wikiteksten]Ved Faro ligg naturreservatet Ria Formosa, ein lagune på over 170 kvadratkilometer som er rikt på dyreliv, særleg trekkfuglar om vår og haust.
Næringsliv og institusjonar
[endre | endre wikiteksten]Hamna i Faro har vore brukt til fiske og utførsel av frukt, kork og anna. Ein har også tradisjonelt levd på fiskehermetikkindustri her.[2] Sidan midten av 1900-talet har turisttrafikk blitt stadig meir viktig.
Byen har eit arkeologisk museum, eit etnografisk museum og eit sjøfartsmuseum, Universitetet her, Universidade do Algarve, blei grunnlagd i 1979.[2]
Transport
[endre | endre wikiteksten]Faro har ein internasjonal flyplass.[2] Norwegian har blant anna ei flyrute til byen. Dette var den fyrste utanlandske flyruta til flyselskapet Norwegian.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Denne geografiartikkelen som har med Portugal å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |
