Hermetikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ein hermetikkboks av metall for matvarer.
Eit «Norgesglass» som vart nytta i mange norske heimar til hermetisering av frukt, bær og syltetøy. Ein gummiring mellom glaset og lokket sytte for tettinga.
Foto: Kjetil Lenes

Hermetikk, òg kalla konserves eller heilkonserves, er matvarer som ligg i lufttett emballasje, vanlegvis ein tett boks av metall. Innhaldet har vorte sterilisert ved oppvarming i samband med at emballasjen vert lukka lufttett, slik at innhaldet vert bakteriefritt, og soleis kan halde seg lengje. Metoden, som vert kalla hermetisering, går vanlegvis føre seg på det viset at den lukka boksen vert varma opp til 120 grader i tre minutt. Etter dagens standardreglar vert innhaldet merka som haldbart i tre til fem år.

Hermetikk kan óg leggjast ned på glas som vert lukka lufttett, slik det er vanleg ved hermetisering av syltetøy, frukt og bær i heimane. Innhaldet må då òg verte sterilisert ved oppvarming, og det er viktig at lokket vert lagt på før innhaldet vert for mykje avkjøla.

Ikkje alle matvarer som ligg i lufttett metallboks er hermetikk. Fisk som er mogna eller gjæra, som til dømes joleansjons, gaffelbitar og anna, er ikkje bakteriefri og må lagrast kjølig, jamvel om maten ligg i uopna metallboks. Slike produkt vert kalla halvkonserves.