Farokonvensjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Farokonvensjonen er ein rammekonvensjon – i regi av Europarådet – om verdien av kulturarv for samfunnet. Konvensjonen fremjar ei breiare forståing av kulturarv og hans høve til lokalsamfunn og samfunn. Ein flyttar perspektivet frå objekt til menneske og samfunn; gjenstandar og stader er ikkje i seg sjølv det som er viktig med kulturarv. Dei er viktige på grunn av den meininga og bruken folk gjev dei og verdiane dei representerer.[1]

Han vart opna for signering i Faro i Portugal den 27. oktober 2005, og er til no ratifisert av 20 land.[1] Noreg ratifiserte konvensjonen i 2008.[2]

Konvensjonen legg vekt på at alle har innbyrdes ansvar for å «respektere andres kulturarv i samme grad som sin egen,» og fylgjeleg respektere heile den europeiske kulturarv.[3]

Eit viktig element er innføringa av omgrepet «kulturarvfellesskap» («heritage communities») og understrekar eins rett til å få kulturminna sine verna. Slike «kulturarvfellesskap» kan vera etniske eller religiøse grupper, men au andre typar fellesskap som har ein felles kulturminnebestand.

Land som har ratifisert Farokonvensjonen «erkjenner at (...) kulturarv er en iboende del av retten til å delta i kulturlivet,»[4] slik det au er slege fast i menneskerettsfråsegna, artikkel 27. Vidare har alle «rett til å dra nytte av kulturarven og bidra til [å gjera han rikare]».[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Convention on the Value of Cultural Heritage for Society (Faro Convention, 2005) - Culture and Cultural Heritage - www.coe.int», Culture and Cultural Heritage (på engelsk), henta 26. november 2023 
  2. «Europarådets rammekonvensjon om kulturarvens verdi for samfunnet - ETS 199 - Lovdata», lovdata.no, henta 26. november 2023 
  3. Sjå Farokonvensjonen artikkel 4, bokstav b.
  4. Sjå Farokonvensjonen artikkel 1, bokstav a.
  5. Sjå Farokonvensjonen artikkel 4, bokstav a.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]