Fasadisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Døme frå București der fasaden er bevart med eit nytt bygg bak.

Fasadisme er ei form for bygningsvern der ein berre tek vare på fasaden og erstattar det som ligg bak med eit nytt bakbygg.[1] Ein slik praksis blir reka som ei overflatisk form for vern, og blir til dømes frårådd av UNESCO i samband med verneverdige bygg.[2]

Denne forma for skalvern var utbreidd på 1970- og 1980-talet, og har avteke sidan. Fasadisme er generelt ikkje akseptert som ein passande konserveringspraksis og bryt med internasjonale charter om vern (Veneziacharteret).[3]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Atle Omland; Sveinung Krokann Berg; Anette Mehren; Jens Christian Eldal (2007). «Kulturminneverdier i by mellom bevaring og byutvikling. Et kunnskapsgrunnlag» (PDF). NIKU Rapport. Stiftelsen Norsk institutt for kulturminneforskning, NIKU. 
  2. Ingvild Tjønneland (2010). «V e s t b a n e s t a s j o n e n- et teknisk kulturminne fra 1800-tallet:Historie, bevaring og ny bruk» (PDF).  Masteroppgave i kunsthistorie
  3. «ICOMOS. (2004). The History of the Venice Charter.» (PDF). Henta 2. juni 2012.