Fausko Skysstasjon

Koordinatar: 60°52′51″N 8°28′57″E / 60.8807°N 8.4824°E / 60.8807; 8.4824
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

60°52′51″N 8°28′57″E / 60.8807°N 8.4824°E / 60.8807; 8.4824

Fausko Skysstasjon sett frå lufta.

Fausko Skysstasjon er ein gard som ligg på Tuv i Hemsedal kommune. Her vart det skipa hotelldrift og landhandel på 1870-talet, og garden var lenge skysstasjon for postgang mellom Aust- og Vestlandet. Verksemda i dag tilbyr 18 rom og overnatting med 44 sengeplassar. Her er også konferanseanleg, og fleire fellesrom, og det vert servert mange lokale retter.[1]

Fausko er ein økologisk driven fjellgard som ligg på 660 m.o.h. Han har 130 dekar dyrka jord, 950 dekar blandingsskog og 450 dekar med annan privat eigedom. Delen i 55 000 dekar private fjelleigedomar er i felles eige med 4 andre gardsbruk i området Grøndalen, Fjellstølane, Holstein, Vavatn, Vabuleino, Harahorn, Ranastongi og Hydalen. Fjellområda ligg i grense med Valdres, og ligg mellom 900 og 1900 m.o.h. Her er det kulturminne frå fangstliv og jegerkultur tilbake til steinalderen. Store delar av fjelleigendomane er i dag verna natur.[2]

Fausko vart restaurert i 1990. Garden har fått tildelt den nasjonale bygdeutviklingsprisen, NHO`s nyskapingspris og Olavsrosa frå stiftelsen Norsk Kulturarv[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Fausko Skysstasjon». olavsrosa.no. Henta 4. september 2013. 
  2. 2,0 2,1 «Fausko Skysstasjon». fausko.no. Henta 4. september 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]