Vestlandet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over Noreg, der fylka som er rekna til Vestlandet er merkte i raudt.
Geirangerfjorden på Sunnmøre.

Vestlandet er eit vanleg fellesnamn for landsdelen i Noreg som ligg sør for Trøndelag og vestom Langfjella, og som består av dei fire fylka Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Namnet «Vestlandet» blir i dag nytta med noko varierande geografisk innhald, men er stort sett brukt om dei fire nemnde fylka som heile. Området utgjer 58 552 km²[1] (18,1 % av landarealet i Noreg) med 1 318 398 innbyggjarar[2] (2013, om lag 26 % av folketalet i Noreg). På Vestlandet er det 22 byar og 121 kommunar fordelt på 15 distrikt. Før i tida høyrde dei øvre delane av dalane på Austlandet i fleire administrative samanhengar til Vestlandet. Det same gjeld fylka Aust- og Vest-Agder, som no er rekna som Sørlandet.

Landsdelen er hylla i songen «Å Vestland, Vestland» av Tore Ørjasæter og Sigurd Førsund, mest kjend i framføringa til Sissel Kyrkjebø.

Dei andre fire landsdelane i Noreg er Nord-Noreg, Trøndelag, Sørlandet og Austlandet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

«Å Vestland, Vestland! Når eg ser deg slik
med fagre fjell og fjord og tronge vik,
det stig i all sin venleik stort og vilt,
og atter møter meg så mjukt og mildt.»
(«Å Vestland, Vestland», Tore Ørjaseter og Sigurd Førsund)
Trollfeltet er også ein del av Vestlandet. Olje og gass vert ført i land til Kollsnes i Hordaland. Stavanger vert rekna som «Noregs oljehovudstad».

Noregs historie byrjar på Vestlandet. Helleristningar fortel at det var i Rogaland dei første menneska i Noreg busette seg da isen trekte seg tilbake etter siste istid for ca. 10 000 år sidan. Det finst ei rekkje spor frå steinalderen i Rogaland. Dei foreløpig eldste spora etter menneske er funne på ein buplass på GaltaRennesøy. Menneska kom truleg frå Nordsjølandet, eller Doggerland, eit landområde mellom Danmark og England som forsvann då isen trekte seg tilbake og havnivået steig. Folket som heldt til her måtte no finne nytt land. Nokre trekte sørover igjen, mens ein del passerte Norskerenna (som var smalare enn nå) i si jakt på rein og nytt land.[treng kjelde]

Vikingtid og maktsenter[endre | endre wikiteksten]

Landsdelen omfattar størstedelen av verkeområdet for det gamle Gulatinget, som vart stifta rundt 900. Gulatingslova delte Vestlandet inn i fylke, som bestod av de tidlegare småkongedømme som eksisterte i området før rikssamlinga på 800-talet og som deretter blei omgjort til jarledømme. Desse var Sunnmørafylke (Sunnmøre), Firdafylke (Fjordane), Sygnafylke (Sogn), Hordafylke (Hordaland), Rygjafylke (Rogaland) og Egdafylke (Agder).[3]

Tidlegare Vestlandet[endre | endre wikiteksten]

I tidlegare tider var definisjonen på Vestlandet alle fylke vest for austlandsfylka, men i dag er denne landsdelen mindre. Distrikta Dalane og Nordmøre vert av og til ikkje rekna med i landsdelen Vestlandet.

Tvers gjennom Møre og Romsdal går Norges mest markante kulturgrense, mellom det trønderske og det vestlandske i folkeleg kultur. Grensa går tvers over øya Midøy. Denne grensa manifesterer seg på mange måtar, som ei dialektgrense og som eit skilje i byggeskikk og matskikk. Historisk var denne grensa bispedømmegrense mellom Nidaros og Bjørgvin bispedømme heilt opp til 1983 da Møre bispedømme vart stifta med Molde som bispesete.

Agder med dei to fylka Aust-Agder og Vest-Agder var ein del av Vestlandet fram til 1902, da forfattarane Vilhelm Krag og Gabriel Scott lanserte omgrepet Sørlandet for dette området som ein eigen landsdel. Vilhelm Krag foreslo i ein artikkel i Morgenbladet 17. mars 1902 at området frå Grenland til Boknafjorden skulle kallast Sørlandet – eit område som omfattar meir enn dagens Agder-fylke. På den tida var Sørlandet ingen eigen landsdel; området høyrte til Vestlandet. Avisa Vestlandske Tidende kom ut i Arendal, og jernbanen som skulle gå frå Oslo via Kristiansand til Stavanger skulle heite Vestlandsbanen.

Valdres og Hallingdal var også lenge ein del av Vestlandet og var frå ca. 1125 til 1632 ein del av Stavanger bispedømme, men høyrer i dag til Oppland og BuskerudAustlandet.

Nyare tid[endre | endre wikiteksten]

Vestlandet er ein viktig landsdel i Noreg der 30 % av verdiskapinga skjer. Etter at det blei funne olje i Nordsjøen på slutten av 1960-talet har Vestlandet stadig blitt rikare, men mange vestlendingar meiner i dag at dei får for lite i forhold til verdiskapinga som skjer på Vestlandet.[4]

Landsdelshovudstad[endre | endre wikiteksten]

Bergen var hovudstad i Noregsveldet til 1314, fast samlingsplass for Gulatinget frå 1300, største by i Norden på 15- og 1600-talet og i Noreg frem til 1830-talet. Bergen var også eksporthamn for Vestlandet og Nord-Norge i mange hundre år og samtidig administrasjonsby for desse landsdelane, og inngjekk i perioden 1350-1750 i det mektige Hansaforbundet. Bergen var eit eige fylke frå 1831 til 1972. Bergen er framleis den største byen på Vestlandet, men Stavanger/Sandnes har dei siste tiåra hatt størst vekst.

Det er i 2013 ikkje semje om landsdelshovudstad for Vestlandet.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Store Skagastølstind (2405 moh.) er Vestlandets høgste fjell.
Fjording er ein vestnorsk hesterase som er nært slekta med islandshesten.

Landskapet[endre | endre wikiteksten]

Vestlandet har ein varierande natur frå høgfjellsområde som hevar seg mot aust og ned til fjordar og øyar langs kysten. Elvane har ofte bratte, korte løp med høge fossar, men på fjellvidda er elvane lange, slake og meandrande og yst ved kysten har elvane korte, slake løp med grunne fjordsjøar. Det er spreidd med jordbruk i heile regionen, spesielt i den sørlege delen med Jæren, som er eit av Noregs viktigaste jordbruksområde. Nesten alle byane ligg langs kysten. Det er her også dei fleste menneska bur, mens langs fjordane og fjella bur det ganske få menneske. Fjellkjeda som kjenneteiknar landskapet oppstod for 425 millionar år sidan, då Noreg kolliderte med Grønland. Delar av Vestlandet vart pressa ned mot 100 kilometers djup under Grønland, samtidig som andre bergartar vart skuva inn over Noreg. Fjellkjeda som vart pressa opp må ha minna om Himalaya, men er sidan sliten ned til det vi ser i dag.[5]

Jordbruk[endre | endre wikiteksten]

Typisk vestnorsk jordbrukslandskap.

Tabell for jordbruk på Vestlandet, etter fylke.[6]

Rogaland Møre og Romsdal Hordaland Sogn og Fjordane Totalt
Prosent av landarealet 11,9 % 4,1 % 2,8 % 2,6 % 5,3 %
Areal i km² 1 115 km² 619 km² 432 km² 484 km² 2 650 km²
Forhaustar på Jæren

Jæren er det mest kjente og største jordbruksområdet på Vestlandet. Rogaland er det nest viktigaste jordbruksfylket i landet (etter Hedmark), der nesten 12 % av arealet er jordbruksområde.

Til saman er 5,3 % av arealet på Vestlandet jordbruksareal. Det vil seie 2 650 km², noko som er større enn Vestfold. Dei største jordbrukskommunane i kvart fylke er , Voss, Luster og Fræna (frå sør til nord).

Hardangerfjorden er ein av fire store oppdrettsregionar av laks i verda.

Fjordane[endre | endre wikiteksten]

Vestlandet er kjent for sine lange og bratte fjordar. Verdas nest lengste fjord er Sognefjorden og tredje lengst er Hardangerfjorden (Lengst er Scoresbysundet på Grønland). Fjordane trekker veldig mange turistar frå utlandet. Sognefjorden ca. 204 km lang frå Skjolden til Solund, og 1308 m på det djupaste. Hardangerfjorden ligg i Hordaland fylke i området Hardanger. Fjorden går frå Husnes og Tysnesøy ute mot vest til Odda lengst inn mot Hardangervidda. Største djup er på meir enn 800 m like ved Norheimsund omtrent halvvegs inn i fjorden. Isbreen Folgefonni ligg på sørsida av Hardangerfjorden. Boknafjorden er ein brei fjord i Rogaland. Den skil Jæren og Ryfylke frå Haugalandet. Fjorden er vid og open mot havet.

Øyane[endre | endre wikiteksten]

Fiskeværet Ona er eit av dei mest kjente fiskeværa på Vestlandet.

Vestlandet har eit rikt øyrike med mange små og store øyar. Osterøy er Nord-Europas største innlandsøy og Vestlandets største øy. På Vestlandet, vesentleg i Møre og Romsdal, finn ein mindre fiskevær og øyer. Smøla er Norges største fiskevær sør for Lofoten.

Rank Øyer Areal
(km²)
Distrikt
1 Osterøy 329 Midhordland
2 Sotra 246 Midhordland
3 Stord 241 Sunnhordland
4 Smøla 218 Nordmøre
5 Tysnesøy 198 Sunnhordland
6 Karmøy 176 Haugalandet
7 Bømlo 171 Sunnhordland
8 Hareidlandet 166 Sunnmøre
9 Averøy 165 Nordmøre
10 Ertvågsøya 139 Nordmøre
11 Gurskøya 139 Sunnmøre
12 Bremangerlandet 131 Nordfjord
13 Sula 116 Sogn
14 Radøy 103 Nordhordland
15 Askøy 99 Midhordland

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Vestlandet hadde 1 314 265 innbyggjarar 1. oktober 2012, noko som tilsvara 26,1 % av befolkninga i Noreg. I 1769 var delen høgst med 26,7 %, i 1930 lågast med 24,6 %.

Befolkningsutviklinga[endre | endre wikiteksten]

Vestlandet hadde 27,2 % av landets totale befolkningsvekst i perioden frå 2001 til 2009.

Tabellen under viser befolkningsutviklinga i landsdelen i perioden 1769-2001[7], prognose for anslått folketall i 2030 og prosentandel av Norges befolkning.[8]

År Folketal Prosent
1769 193 259 26,7 %
1801 230 051 26,0 %
1855 392 588 26,3 %
1901 560 765 25,0 %
1950 811 411 24,9 %
2001 1 169 828 25,8 %
2030 1 525 853 26,1 %

Målføre og -stoda[endre | endre wikiteksten]

Dialektane på Vestlandet høyrer stort sett til dei Vestnorske målføra. Sørvestlandsk eller a-mål vert tala i Rogaland, Hordaland, og i Indre Sogn, medan nordvestlandsk eller nordleg e-mål vert tala i Ytre Sogn, Fjordane, på Sunnmøre og i Romsdal. Unntaket er Nordmørsk som høyrer til Trøndsk mål.

Vestlandet vert rekna som heimstamnen hjå nynorsken, det var målføra i desse landslutane Ivar Aasen nytta som grunnlag for landsmålet, og det var her det nye norske målet vart ført inn i skular og herad på byrjinga av 1900-talet. Kring Andre verdskrigen var det mesta berre byane som framleis heldt på bokmålet. I dag breier bokmålet seg utover nett frå desse byane, og det er berre i Sogn og Fjordane og i Møre og Romsdal kor framleis eit fleirtal av skuleelevane har nynorsk som hovudmål. Hordaland har rett nok flest nynorskelevar av fylka, men det held berre til 40% av elevane. I Rogaland har om lag firedelen av elevane nynorsk.

Etter reglane i mållova er nynorsk fleirtalsmålform i dei fire Vestlandsfylka, og eit fleirtal av kommunane har nynorsk som administrasjonsspråk.

Innvandring[endre | endre wikiteksten]

8,2 % av befolkninga var per 1. januar 2009 innvandrarar eller fødd av to utanlandskfødde foreldre, noko som svarar til 102 477 menneske. Desse utgjer 20,2 % av innvandrarbefolkninga i Noreg. Av innvandrarane på Vestlandet kom 9 169 frå Norden, 15 344 frå Vest-Europa ellers, 29 674 frå Aust-Europa, 9 883 frå Afrika, 30 677 frå Asia med Tyrkia, 2 524 frå Nord-Amerika, 4 752 frå Sør-Amerika og 454 frå Oseania.[9]

Fylke[endre | endre wikiteksten]

Vestlandet består av fire av dei nitten fylka i Noreg. Tabellen under angir fakta om kvart av desse fylka.

Fylke Adm. senter Største by Innbyggjarar (2013) Areal (km²) Ordførar Parti Fylkesmann Målform
Hordaland våpen.svg Hordaland Bergen Bergen 516 497 15 440,03 Tom-Christer Nilsen H Lars Sponheim Nynorsk
Rogaland våpen.svg Rogaland Stavanger Stavanger 470 175 9 375,91 Janne Johnsen H Harald Thune Nøytral
Møre og Romsdal våpen.svg Møre og Romsdal Molde Ålesund 265 290 15 113,67 Jon Aasen Ap Lodve Solholm Nynorsk
Sogn og Fjordane våpen.svg Sogn og Fjordane Leikanger Førde 109 530 18 622,7 Åshild Kjelsnes Ap Oddvar Flæte Nynorsk
Totalt 1 318 398 58 552,34 km²

Distrikt[endre | endre wikiteksten]

Fiskeværet Ona utanfor Molde
Hordaland er det viktigaste fruktfylket i Noreg. Her vert 40 % av epla og pærene i landet dyrka og 70 % av kirsebæra, her frå epledyrking på Lofthus. På heile Vestlandet vert rundt 80 % av epla og pærene og 90 % av kirsebæra produsert.[treng kjelde]

Byar og tettstader på Vestlandet[endre | endre wikiteksten]

Dette er dei største byane og tettstadene på Vestlandet, rangert etter innbyggjartal:[10]

Namn Kommunar tettstaden ligg i Folkemengd Flatevidd km²
Bergen Bergen 000000000250420.0000000000250 420 000000000000096.710000000096,71
Stavanger/Sandnes Sandnes, Sola, Stavanger og Randaberg 000000000210874.0000000000210 874 000000000000081.230000000081,23
Ålesund Sula og Ålesund 000000000050917.000000000050 917 000000000000030.510000000030,51
Haugesund Haugesund og Karmøy 000000000043909.000000000043 909 000000000000024.100000000024,1
Molde Molde 000000000020602.000000000020 602 000000000000011.070000000011,07
Askøy Askøy 000000000022311.000000000022 311 000000000000015.020000000015,02
Kristiansund Kristiansund 000000000018379.000000000018 379 000000000000007.82000000007,82
Leirvik Stord 000000000013994.000000000013 994 000000000000008.46000000008,46
Egersund Eigersund 000000000011473.000000000011 473 000000000000006.63000000006,63
Bryne Klepp og Time 000000000011569.000000000011 569 000000000000005.35000000005,35
Åkrehamn/Veavågen Karmøy 000000000000007.56000000007,56
Ålgård/Figgjo Gjesdal og Sandnes 000000000010956.000000000010 956 000000000000005.19000000005,19
Knarrevik/Straume Fjell 000000000010667.000000000010 667 000000000000006.49000000006,49
Osøyro Os 000000000012592.000000000012 592 000000000000007.92000000007,92
Førde Førde 000000000010216.000000000010 216 000000000000006.15000000006,15
Florø Flora 000000000008864.00000000008 864 000000000000005.98000000005,98
Kleppe/Verdalen Klepp 000000000008712.00000000008 712 000000000000003.42000000003,42
Kopervik Karmøy 000000000011365.000000000011 365 000000000000004.52000000004,52
Ørsta Ørsta 000000000006822.00000000006 822 000000000000005.74000000005,74
Kvernaland Klepp og Time 000000000007299.00000000007 299 000000000000003.94000000003,94
Indre Arna Bergen 000000000012132.000000000012 132 000000000000003.96000000003,96
Nærbø 000000000006995.00000000006 995 000000000000003.11000000003,11
Jørpeland Strand 000000000006948.00000000006 948 000000000000004.32000000004,32
Vossevangen Voss 000000000006267.00000000006 267 000000000000004.69000000004,69
Volda Volda 000000000006221.00000000006 221 000000000000004.02000000004,02
Tananger Sola 000000000006377.00000000006 377 000000000000003.50000000003,5
Hommersåk Sandnes 000000000006312.00000000006 312 000000000000002.54000000002,54
Ulsteinvik Ulstein 000000000005376.00000000005 376 000000000000004.19000000004,19
Odda Odda 000000000005047.00000000005 047 000000000000003.56000000003,56
Knarvik Lindås 000000000005557.00000000005 557 000000000000003.91000000003,91
Sauda Sauda 000000000004283.00000000004 283 000000000000004.85000000004,85
Sykkylven Sykkylven 000000000004357.00000000004 357 000000000000003.99000000003,99
Sunndalsøra Sunndal 000000000004046.00000000004 046 000000000000003.85000000003,85
Hareid Hareid 000000000003281.00000000003 281 000000000000003.85000000003,85
Fanahammeren Bergen 000000000003777.00000000003 777 000000000000002.78000000002,78
Fosnavåg Herøy 000000000000003.78000000003,78
Førdesfjorden Tysvær 000000000003766.00000000003 766 000000000000002.74000000002,74
Sogndalsfjøra Sogndal 000000000003733.00000000003 733 000000000000002.29000000002,29
Nordstrand Giske 000000000003911.00000000003 911 000000000000002.82000000002,82
Øvre Årdal Årdal 000000000003189.00000000003 189 000000000000002.24000000002,24
Skudeneshamn Karmøy 000000000003401.00000000003 401 000000000000002.70000000002,7
Sagvåg Stord 000000000003453.00000000003 453 000000000000002.88000000002,88
Måløy Vågsøy 000000000003243.00000000003 243 000000000000002.23000000002,23

Kommunar på Vestlandet[endre | endre wikiteksten]

Vestlandet er del

Nr. Namn Distrikt Folkemengd Flatevidd km² Målform
1101 Eigersund Dalane 000000000014942.000000000014 942 000000000000432.0000000000432 Bokmål
1102 Sandnes Jæren 000000000074820.000000000074 820 000000000000304.0000000000304 Nøytral
1103 Stavanger Jæren 000000000132644.0000000000132 644 000000000000071.000000000071 Bokmål
1106 Haugesund Haugalandet 000000000036951.000000000036 951 000000000000073.000000000073 Bokmål
1111 Sokndal Dalane 000000000003313.00000000003 313 000000000000295.0000000000295 Nøytral
1112 Lund Dalane 000000000003243.00000000003 243 000000000000409.0000000000409 Nøytral
1114 Bjerkreim Dalane 000000000002825.00000000002 825 000000000000651.0000000000651 Nynorsk
1119 Jæren 000000000018591.000000000018 591 000000000000258.0000000000258 Nøytral
1120 Klepp Jæren 000000000018970.000000000018 970 000000000000114.0000000000114 Nynorsk
1121 Time Jæren 000000000018572.000000000018 572 000000000000183.0000000000183 Nynorsk
1122 Gjesdal Jæren 000000000011853.000000000011 853 000000000000618.0000000000618 Nøytral
1124 Sola Jæren 000000000026096.000000000026 096 000000000000069.000000000069 Nøytral
1127 Randaberg Jæren 000000000010737.000000000010 737 000000000000025.000000000025 Nøytral
1129 Forsand Ryfylke 000000000001238.00000000001 238 000000000000780.0000000000780 Nynorsk
1130 Strand Ryfylke 000000000012464.000000000012 464 000000000000218.0000000000218 Nøytral
1133 Hjelmeland Ryfylke 000000000002737.00000000002 737 000000000001090.00000000001 090 Nynorsk
1134 Suldal Ryfylke 000000000003903.00000000003 903 000000000001736.00000000001 736 Nynorsk
1135 Sauda Ryfylke 000000000004710.00000000004 710 000000000000546.0000000000546 Nynorsk
1141 Finnøy Ryfylke 000000000003221.00000000003 221 000000000000104.0000000000104 Nynorsk
1142 Rennesøy Ryfylke 000000000004856.00000000004 856 000000000000065.000000000065 Nøytral
1144 Kvitsøy Ryfylke 000000000000524.0000000000524 000000000000006.00000000006 Nøytral
1145 Bokn Haugalandet 000000000000865.0000000000865 000000000000047.000000000047 Nynorsk
1146 Tysvær Haugalandet 000000000010925.000000000010 925 000000000000425.0000000000425 Nynorsk
1149 Karmøy Haugalandet 000000000042187.000000000042 187 000000000000230.0000000000230 Nøytral
1151 Utsira Haugalandet 000000000000200.0000000000200 000000000000006.00000000006 Nøytral
1160 Vindafjord Haugalandet 000000000008788.00000000008 788 000000000000620.0000000000620 Nynorsk
1201 Bergen Midhordland 000000000277391.0000000000277 391 000000000000466.0000000000466 Nøytral
1211 Etne Sunnhordland 000000000004106.00000000004 106 000000000000735.0000000000735 Nynorsk
1216 Sveio Sunnhordland 000000000005593.00000000005 593 000000000000246.0000000000246 Nynorsk
1219 Bømlo Sunnhordland 000000000011778.000000000011 778 000000000000246.0000000000246 Nynorsk
1221 Stord Sunnhordland 000000000018775.000000000018 775 000000000000144.0000000000144 Nynorsk
1222 Fitjar Sunnhordland 000000000003140.00000000003 140 000000000000142.0000000000142 Nynorsk
1223 Tysnes Sunnhordland 000000000002797.00000000002 797 000000000000255.0000000000255 Nynorsk
1224 Kvinnherad Sunnhordland 000000000013271.000000000013 271 000000000001128.00000000001 128 Nynorsk
1227 Jondal Hardanger 000000000001104.00000000001 104 000000000000210.0000000000210 Nynorsk
1228 Odda Hardanger 000000000006930.00000000006 930 000000000001616.00000000001 616 Nøytral
1231 Ullensvang Hardanger 000000000003401.00000000003 401 000000000001399.00000000001 399 Nynorsk
1232 Eidfjord Hardanger 000000000000925.0000000000925 000000000001492.00000000001 492 Nynorsk
1233 Ulvik Hardanger 000000000001116.00000000001 116 000000000000721.0000000000721 Nynorsk
1234 Granvin Hardanger 000000000000920.0000000000920 000000000000213.0000000000213 Nynorsk
1235 Voss Voss 000000000014425.000000000014 425 000000000001806.00000000001 806 Nynorsk
1238 Kvam Hardanger 000000000008475.00000000008 475 000000000000617.0000000000617 Nynorsk
1241 Fusa Midhordland 000000000003876.00000000003 876 000000000000378.0000000000378 Nynorsk
1242 Samnanger Midhordland 000000000002443.00000000002 443 000000000000269.0000000000269 Nynorsk
1243 Os Midhordland 000000000019742.000000000019 742 000000000000140.0000000000140 Nynorsk
1244 Austevoll Midhordland 000000000005118.00000000005 118 000000000000117.0000000000117 Nynorsk
1245 Sund Midhordland 000000000006975.00000000006 975 000000000000100.0000000000100 Nynorsk
1246 Fjell Midhordland 000000000024870.000000000024 870 000000000000148.0000000000148 Nynorsk
1247 Askøy Midhordland 000000000028380.000000000028 380 000000000000101.0000000000101 Nøytral
1251 Vaksdal Nordhordland 000000000004125.00000000004 125 000000000000716.0000000000716 Nynorsk
1252 Modalen Nordhordland 000000000000381.0000000000381 000000000000412.0000000000412 Nynorsk
1253 Osterøy Nordhordland 000000000007957.00000000007 957 000000000000255.0000000000255 Nynorsk
1256 Meland Nordhordland 000000000007812.00000000007 812 000000000000093.000000000093 Nynorsk
1259 Øygarden Midhordland 000000000004852.00000000004 852 000000000000067.000000000067 Nynorsk
1260 Radøy Nordhordland 000000000005077.00000000005 077 000000000000112.0000000000112 Nynorsk
1263 Lindås Nordhordland 000000000015607.000000000015 607 000000000000476.0000000000476 Nynorsk
1264 Austrheim Nordhordland 000000000002858.00000000002 858 000000000000057.000000000057 Nynorsk
1265 Fedje Nordhordland 000000000000576.0000000000576 000000000000009.00000000009 Nynorsk
1266 Masfjorden Nordhordland 000000000001701.00000000001 701 000000000000556.0000000000556 Nynorsk
1401 Flora Sunnfjord 000000000011923.000000000011 923 000000000000692.0000000000692 Nynorsk
1411 Gulen Sogn 000000000002370.00000000002 370 000000000000597.0000000000597 Nynorsk
1412 Solund Sogn 000000000000785.0000000000785 000000000000228.0000000000228 Nynorsk
1413 Hyllestad Sogn 000000000001395.00000000001 395 000000000000259.0000000000259 Nynorsk
1416 Høyanger Sogn 000000000004161.00000000004 161 000000000000908.0000000000908 Nynorsk
1417 Vik Sogn 000000000002689.00000000002 689 000000000000833.0000000000833 Nynorsk
1418 Balestrand Sogn 000000000001294.00000000001 294 000000000000430.0000000000430 Nynorsk
1419 Leikanger Sogn 000000000002298.00000000002 298 000000000000180.0000000000180 Nynorsk
1420 Sogndal Sogn 000000000007839.00000000007 839 000000000000746.0000000000746 Nynorsk
1421 Aurland Sogn 000000000001764.00000000001 764 000000000001468.00000000001 468 Nynorsk
1422 Lærdal Sogn 000000000002172.00000000002 172 000000000001342.00000000001 342 Nynorsk
1424 Årdal Sogn 000000000005359.00000000005 359 000000000000976.0000000000976 Nynorsk
1426 Luster Sogn 000000000005093.00000000005 093 000000000002707.00000000002 707 Nynorsk
1428 Askvoll Sunnfjord 000000000003023.00000000003 023 000000000000326.0000000000326 Nynorsk
1429 Fjaler Sunnfjord 000000000002830.00000000002 830 000000000000417.0000000000417 Nynorsk
1430 Gaular Sunnfjord 000000000002942.00000000002 942 000000000000582.0000000000582 Nynorsk
1431 Jølster Sunnfjord 000000000003020.00000000003 020 000000000000670.0000000000670 Nynorsk
1432 Førde Sunnfjord 000000000012900.000000000012 900 000000000000586.0000000000586 Nynorsk
1433 Naustdal Sunnfjord 000000000002840.00000000002 840 000000000000370.0000000000370 Nynorsk
1438 Bremanger Nordfjord 000000000003846.00000000003 846 000000000000833.0000000000833 Nynorsk
1439 Vågsøy Nordfjord 000000000006046.00000000006 046 000000000000177.0000000000177 Nynorsk
1441 Selje Nordfjord 000000000002774.00000000002 774 000000000000226.0000000000226 Nynorsk
1443 Eid Nordfjord 000000000006015.00000000006 015 000000000000469.0000000000469 Nynorsk
1444 Hornindal Nordfjord 000000000001200.00000000001 200 000000000000192.0000000000192 Nynorsk
1445 Gloppen Nordfjord 000000000005784.00000000005 784 000000000001030.00000000001 030 Nynorsk
1449 Stryn Nordfjord 000000000007168.00000000007 168 000000000001378.00000000001 378 Nynorsk
1502 Molde Romsdal 000000000026732.000000000026 732 000000000000363.0000000000363 Nøytral
1504 Ålesund Sunnmøre 000000000046747.000000000046 747 000000000000098.000000000098 Nøytral
1505 Kristiansund Nordmøre 000000000024526.000000000024 526 000000000000087.000000000087 Bokmål
1511 Vanylven Sunnmøre 000000000003256.00000000003 256 000000000000385.0000000000385 Nynorsk
1514 Sande Sunnmøre 000000000002559.00000000002 559 000000000000093.000000000093 Nynorsk
1515 Herøy Sunnmøre 000000000008972.00000000008 972 000000000000120.0000000000120 Nynorsk
1516 Ulstein Sunnmøre 000000000008430.00000000008 430 000000000000097.000000000097 Nynorsk
1517 Hareid Sunnmøre 000000000005189.00000000005 189 000000000000082.000000000082 Nynorsk
1519 Volda Sunnmøre 000000000009037.00000000009 037 000000000000547.0000000000547 Nynorsk
1520 Ørsta Sunnmøre 000000000010677.000000000010 677 000000000000805.0000000000805 Nynorsk
1523 Ørskog Sunnmøre 000000000002310.00000000002 310 000000000000132.0000000000132 Nynorsk
1524 Norddal Sunnmøre 000000000001652.00000000001 652 000000000000944.0000000000944 Nynorsk
1525 Stranda Sunnmøre 000000000004598.00000000004 598 000000000000866.0000000000866 Nynorsk
1526 Stordal Sunnmøre 000000000001020.00000000001 020 000000000000247.0000000000247 Nynorsk
1528 Sykkylven Sunnmøre 000000000007675.00000000007 675 000000000000338.0000000000338 Nynorsk
1529 Skodje Sunnmøre 000000000004620.00000000004 620 000000000000120.0000000000120 Nynorsk
1531 Sula Sunnmøre 000000000008952.00000000008 952 000000000000059.000000000059 Nynorsk
1532 Giske Sunnmøre 000000000008094.00000000008 094 000000000000040.000000000040 Nynorsk
1534 Haram Sunnmøre 000000000009200.00000000009 200 000000000000261.0000000000261 Nynorsk
1535 Vestnes Romsdal 000000000006611.00000000006 611 000000000000352.0000000000352 Nynorsk
1539 Rauma Romsdal 000000000007492.00000000007 492 000000000001502.00000000001 502 Nøytral
1543 Nesset Romsdal 000000000002970.00000000002 970 000000000001046.00000000001 046 Nynorsk
1545 Midsund Romsdal 000000000002088.00000000002 088 000000000000095.000000000095 Nynorsk
1546 Sandøy Romsdal 000000000001270.00000000001 270 000000000000020.000000000020 Nynorsk
1547 Aukra Romsdal 000000000003518.00000000003 518 000000000000059.000000000059 Nynorsk
1548 Fræna Romsdal 000000000009717.00000000009 717 000000000000369.0000000000369 Nynorsk
1551 Eide Nordmøre 000000000003467.00000000003 467 000000000000152.0000000000152 Bokmål
1554 Averøy Nordmøre 000000000005826.00000000005 826 000000000000176.0000000000176 Nøytral
1557 Gjemnes Nordmøre 000000000002593.00000000002 593 000000000000382.0000000000382 Nøytral
1560 Tingvoll Nordmøre 000000000003103.00000000003 103 000000000000337.0000000000337 Nøytral
1563 Sunndal Nordmøre 000000000007160.00000000007 160 000000000001713.00000000001 713 Nøytral
1566 Surnadal Nordmøre 000000000005969.00000000005 969 000000000001365.00000000001 365 Nynorsk
1567 Rindal Nordmøre 000000000002036.00000000002 036 000000000000632.0000000000632 Nøytral
1571 Halsa Nordmøre 000000000001547.00000000001 547 000000000000301.0000000000301 Nøytral
1573 Smøla Nordmøre 000000000002141.00000000002 141 000000000000282.0000000000282 Nøytral
1576 Aure Nordmøre 000000000003536.00000000003 536 000000000000644.0000000000644 Nøytral
Totalt Vestlandet 000000001318398.00000000001 318 398 000000000058552.000000000058 552

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Ved stortingsvalet i 2009 vart dei 42 stortingsrepresentantane fordelt slik på partia: [11]

Parti Rogaland Hordaland Sogn og Fjordane Møre og Romsdal Sum
Arbeidarpartiet 3 5 2 3 13
Framstegspartiet 4 4 1 3 12
Høgre 3 3 1 1 8
Senterpartiet 1 1 1 1 4
Kristeleg Folkeparti 1 1 0 1 3
Sosialistisk Venstreparti 1 1 0 0 2

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Statkart.no: Fylkesareal
  2. SSB.no: Folketallsendringer
  3. Gulatinget.no
  4. Professor advarer mot separatisme på Vestlandet - Da er helvete løs, sier han.
  5. Trond Torsvik: «Kontinentenes dans», P2-akademiet bind XXVII (s. 118), forlaget Transit, Oslo 2003, ISBN 82-7596-150-5
  6. Jordbruk - Temaside - SSB
  7. Statistisk Sentralbyrå: Historisk befolkningsstatistikk
  8. Statistisk Sentralbyrå: Folkemengde per 1. januar, etter fylke og kommune. Registrert 2009. Framskrevet 2010-2030, alternativ MMMM
  9. Statistisk Sentralbyrå: Innvandrere og norskfødte med innvandrerfordeldre, etter landbakgrunn. Fylke. 1. januar 2009
  10. Statistisk Sentralbyrå: Tettsteder. Folkemengde og areal, etter kommune. 1.januar 2012
  11. regjeringen.no: valgresultater

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]