Faxaflói

Koordinatar: 64°24′N 23°00′W / 64.400°N 23.000°W / 64.400; -23.000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Faxaflói vist i blått

Faxaflói er ei bukt sørvest på Island mellom halvøyane Snæfellsnes og Reykjanes.

Hovudstaden på Island, Reykjavík, ligg på sørsida av bukta. Frå Reykjavik er det mogeleg å sjå halvøya Akranes i nordaust og til og med Snæfellsjökull som er 120 km borte.

Faxaflói har alltid vore ei næringskjelde for folk som har budd langs kysten her. I tidlegare tider reiste fiskarar ut i småbåtar for å fiske nær kysten. I dag er skipa mykje større, men må lengre til havs for å fange fisk.

Reykjavík med Faxaflói

Like nord for Reykjavík i Kollafjörður ligg den vesle øya Viðey. Ho har vore busett sidan 1943, men ein har vist at det òg har budd folk her tilbake til 900-talet. På 1100-talet vart det bygd eit kapell her og ei kloster vart grunnlagd i 1225 og eksisterte fram til reformasjonen på slutten av 1500-talet. Øya og restane av busetnaden kan vitjast ved å ta båt frå hamna i Reykjavik.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

64°24′N 23°00′W / 64.400°N 23.000°W / 64.400; -23.000