Reformasjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Martin Luther

Reformasjonen var ei religiøs omvelting frå katolisisme til protestantisme i delar av Europa på 1500-talet. Reformasjonen vart utløyst av Martin Luther, som skal ha slege opp sine 95 tesar på kyrkjedøra i Wittenberg den 31. oktober 1517. Luther understreka kor viktig den individuelle trua er i høve til sakramenta og vekt på gode gjerningar. Han plasserte menneska meir direkte i høve til Gud enn kva ein gjorde i den katolske kyrkja. Reformasjonen spreidde seg etter kvart frå Nord-Tyskland til Skandinavia, Sveits og Frankrike. I England oppstod det parallelt ein reformasjon grunna i politiske omsyn, som etter kvart tok mykje av den same leia som reformasjonen på kontinentet.

Bakgrunnen for reformasjonen var ei tidlegare reformrørsle innan den katolske kyrkja, i tillegg til renessansen med sine studiar av gamle tekstar og vekt på individet. Utviklinga vart òg stimulert av oppfinninga av boktrykking, aukande handel og framveksten av ei mellomklasse, og av politiske motsetnader.

Det kom til ein lang og bitter konflikt mellom katolikkar og protestantar på 1500-talet, som var ein viktig grunn til tredveårskrigen. Seinare vart det organisert ei omdanning av den katolske kyrkja, ofte kalla den katolske motreformasjonen. Danmark-Noreg gjekk over til protestantismen i 1536/1537.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]