Faxe Kondi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Faxe Kondi.

Faxe Kondi er ein brus som vert framstilt av Faxe Bryggeri i Faxe på det sørlege Sjælland i Danmark.

Brusen inneheld druesukker og blei introdusert i 1971 i samarbeid med fotballspelar og lege Knud Lundberg.[1] Forutan i Danmark har Faxe Kondi også ein stor marknad på Grønland.[2]

Dei danske rapparane Klumben og Raske Penge hadde i 2012 ein dansk hit med songen «Faxe Kondi».[3]

Faxe Kondi kjem i ei rekkje smaksvariantar med og utan sukker.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Faxe Kondi