Feber

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Feberen (1883) av Yoshitoshi.

Feber, òg kjent som pyreksi eller ein febril respons, er unormalt høg kroppstemperatur på grunn av sjukdom, særleg infeksjonssjukdommar. Feberen er meint å verna kroppen; han er ein forsvarsreaksjon brukt mot inntrengjarar som bakteriar eller virus. Mange slike framandelement toler ikkje temperaturar som er høgare enn normal kroppstemperatur (rundt 37 grader hos menneske).

Korleis ein får feber[endre | endre wikiteksten]

Det er hypotalamusen som aukar kroppstemperaturen dersom han får melding frå celler om at dei er blitt infiserte. Temperaturen kan aukast mellom anna ved at blodårene blir snevra inn slik at mindre varme blir tapt med blodet, eller ved at kroppen tek til å skjelva.

Grad av feber[endre | endre wikiteksten]

Grada av feber kjem an på normaltemperaturen til den sjuke, men som regel kallar ein feber mellom 38 og 39 låg, mellom 39 og 40 moderat, og over 40 høg. Feber over 42 grader kan føra til vevskadar, særleg i hjernen, og blir sett på som farleg.

Feber innan medisinen[endre | endre wikiteksten]

Feber har vore skildra som eit sjukdomsteikn sidan Hippokrates, men eit instrument for å måla kroppstemperatur vart først laga av Hermann Boerhaave (1668-1734). Termometeret hans hjelpte Carl Wunderlich til å kartleggja febermønster i ulike sjukdommar. Det enorme forskingsarbeidet hans omfatta 25 000 pasientar og varte i tjue år. Verket hans, Das Verhalten der Eigenwärme in Krankheiten, kom ut i 1885 og var eit viktig grunnlag innan legevitskapen.

Anna[endre | endre wikiteksten]

Feber kan brukast biletleg om noko som ein er opptatt av og brenn for, til dømes fiskefeber eller fotballfeber.

Spire Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.