Hopp til innhald

Ferdinand Bie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ferdinand Bie

StatsborgarskapNoreg
Fødd16. februar 1888
Drammen kommune
Død

9. november 1961 (73 år)
Kristiansand kommune

Yrkefriidrettsutøvar
Språknorsk
Høgd174 centimeter
MorOttilie Bie

Ferdinand Reinhardt Bie (16. februar 18889. november 1961) var ein norsk friidrettsutøvar som tok OL-gull i femkamp under sommarleikane i Stockholm i 1912. Med dette vart han den første nordmannen som vann olympisk gullmedalje innan friidrett.

Øvingane var: (Bie sine resultat i parentes):

  • lengde (6,85)
  • spyd (46,45)
  • 200 m (23,5)
  • diskos (31,79)
  • 1.500 m (5,07.8)

Gullmedaljen vart tildelt Ferdinand Bie først året etter OL, då amerikanaren Jim Thorpe vart diskvalifisert på grunn av dei dåverande proffbestemmelsane. I 1982 vart denne diskvalifikasjonen gjort om. Samtidig bestemte IOC at Ferdinand Bie framleis skulle stå oppført som olympisk meister i femkamp på lik linje med Thorpe.

Bie vart noregsmeister i lengde og på 110 m hekk under Noregsmeisterskapen i 1910 og fekk Kongepokalen dette året.

I 1911 vart han noregsmeister i tikamp. Han vann lengdekonkurransen i NM igjen i 1917.

Bie representerte Drammens Turnforening, seinare Kristiania Idrætsforening og Studenterne.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
  • Matti Goksøyr. «Ferdinand Bie». Norsk biografisk leksikon. Henta 30. januar 2017.
  • «Ferdinand Bie» (på engelsk). Sports-Reference. Arkivert frå originalen 2. desember 2016. Henta 30. januar 2017.
  • «Jim Thorpe /The ultimate athlete» (på engelsk). Olympic.org. Henta 30. januar 2017.