Elvedelfinar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Ferskvassdelfinfamilien)
Gå til: navigering, søk
Elvedelfinar


Teikning av ein indusdelfin
Teikning av ein indusdelfin

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Mammalia
Orden: Cetacea
Underorden: Odontoceti
Artar
Vitskapleg namn
Platanistoidea

Elvedelfinar eller ferskvassdelfinar (Platanistoidea) er ei gruppe tannkvalar som heilt eller hovudsakleg lever i ferskvatn i elvar. Gruppa omfattar fire nolevande familiar: Platanistidae (indus- og gangesdelfin), Iniidae (amazonasdelfinar) og Pontoporiidae (laplatadelfin). Tre av dei lever i elvar med ferskvatn, og den siste lever i estuar (elvegap) og i havet.

Ferskvassdelfinane er primitive kvalar, og dei har ganske liten hjerne. Dei har lange kjevar og spisst nebb. Delfinane kan bøye halsen, og dei har åtte par ribbein. Dei brukar ekkolodd for å lokalisere føden. Synet til dei asiatiske artane er nedsett. Desse artane er av dei mest truga kvalartane i verda.