Festspela i Bayreuth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bayreuth Festspielhaus i 2006

Festspela i Bayreuth (tysk Bayreuther Festspiele) er ein musikkfestival som blir halden kvart år i Bayreuth i Tyskland med framføringar av verk av komponisten Richard Wagner. Det var Wagner sjølv som kom på og dyrka ideen om ein eigen festival til å visa fram verka hans, særleg den monumentale Ring-syklusen hans (Der Ring des Nibelungen) og Parsifal.

Framføringane finn stad i eit særskild utforma teater, Bayreuth Festspielhaus. Wagner sjølv oversåg utforminga og bygginga av teateret, som hadde mange arkitektoniske nyvinningar for å gje rom til dei store orkestera Wagner skreiv for og for visjonane hans om korleis verka skulle framførast. Festspela er blitt ein valfartsstad for Wagner-tilhengjarar.[1][2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Tickets: How to Order, bayreuther-festspiele.de, henta 1. juli 2103 
  2. How to get tickets for the Wagner Festival in Bayreuth, wagneropera.net, henta 1. juli 2103