Hopp til innhald

Filmen Drømmer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Drømmer
RegiDag Johan Haugerud Sjå dette på Wikidata
Utgjevingsdato4. oktober 2024
OpphavslandNoreg Sjå dette på Wikidata
Språknorsk
Sjangerdramafilm Sjå dette på Wikidata

Drømmer er ein norsk spelefilm frå 2024, skriven og regissert av Dag Johan Haugerud. Filmen er den andre i filmtrilogien hans Sex Drømmer Kjærlighet, som saman med dei to andre filmane, Sex og Kjærlighet, hadde kinopremiere i 2024.[1] Drømmer hadde kinopremiere 4. oktober 2024.[2] Filmen reintroduserer Ella Øverbye frå filmen Barn frå 2019, som saman med Selome Emnetu spelar hovudrollene i Drømmer. På lista er også kjende skodespelarar som Anne Marit Jacobsen og Ane Dahl Torp.[3]

Skuleeleven Johanne blir veldig forelska i fransklæraren sin, spelt av Salome Emnetu. Ho sit med mange gode kjensler, og vel å skrive ned opplevingane sine. Fyrst blir mor og bestemor sjokkerte over detaljar frå skildringane i dagboka til Johanne, men så blir dei fanga av dei litterære kvalitetane. Så kjem vurderingane om dette er eigna for å gje ut som bok, eller om det er for personleg.[2]

Rollelista

[endre | endre wikiteksten]
  • Ella Øverbye – Johanne
  • Selome Emnetu – Johanna, fransklæraren til Johanne
  • Anne Marit Jacobsen – Karin, bestemora til Johanne
  • Ane Dahl Torp – Kristin, mora til Johanne
  1. «Filmhøsten 2024». nfi.no. 9. august 2024. Henta 21. august 2024. 
  2. 2,0 2,1 «Drømmer». filmweb.no. 9. august 2024. Henta 21. august 2024. 
  3. «Skriver norsk filmhistorie i Venezia». Dagsavisen. 23. juli 2024. Henta 23. juli 2024. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]