Filsbäck

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 58°29′36.006″N 13°14′50.827″E Filsbäck er ein svensk tettstad i Lidköpings kommun i Västra Götalands län i landskapet Västergötland. I 2005 hadde tettstaden 647 innbyggjarar. Filsbäck ligg cirka seks kilometer aust for Lidköping. Filsbäck har ein godt vitja trestjerners badeplass, campingplass og golfbane.

Filsbäck består av to villaområde, «Gamla området» og «Nya området», som ligg på kvar si side av Stenåsvegen. «Gamla området» blei bygd i 1970-åra. «Nya området», som blei bygd nokre år seinare, består til ein viss del av samanhengande bustader.

Filsbäcks golfbane er ein 12-hols bane med «pay n' play». Det er òg luftgeværbane på området. Filsbäcks bad och camping er ein trestjerners campingplass. Det er om lag 130 plassar og 12 hytter. Ein kan leige kano, pedalbåt og sykkel, samt spele minigolf. Filsbäcks camping har togsamband med både Lidköping og Kinnekulle.

I 2004 var den offisielle opninga av Truve nakenbad, som ligg litt aust for Filsbäcks camping.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]