Fingerhekling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fingerhekling

Fingerhekling er ei form for handarbeid med garn der ein bruker fingrane som handarbeidsreiskapar. Det føregår ved at ein fører tråd gjennom ei eller fleire løkker til nye løkker, og minnar om strikking eller hekling.

Teknikk[endre | endre wikiteksten]

Ved fingerhekling med ei løkke lagar ein ei renneløkke i ein ende av tråden og fører den lange delen av tråden gjennom henne for å laga ei ny løkke. Dette gjer ein fleire gonger til ein får eit band. Når ein fingerheklar med fleire løkker har ein kvar av dei lause løkkene rundt ein finger. Ein fører tråden framfor fingeren og løfter løkka over tråden for å skapa ei ny løkke. Dette gjev eit lausare, breiare band enn ved fingerhekling med ei løkke.

Sidan det ikkje krev utstyr og er nokså lett å utføra, er fingerhekling rekna som ein god aktivitet for barn. Det demonstrerer at strikking er ei serie samanhengjande løkker, og kan fungera i handarbeidsopplæring. Teknikken kan også brukast på flyreiser der det ikkje er lov å ha med seg strikkepinnar.[1]

Ein enkel reiskap til å utføra ei liknande form for strikking blir kalla strikkelise.

Rekordar[endre | endre wikiteksten]

Det er gjort fleire rekordforsøk med fingerhekling. Den noverande rekorden ifølgje Guinness rekordbok blei gjort av ein tyskar som laga eit produkt på 4 321 meter i 2004.[2] Ti dagar før denne rekorden blei sett hadde 11 år gamle Gemma Pouls frå New Zealand sett rekord med eit produkt på 2779,49 meter som var over 5 kg tungt.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Janelle Masters (2006). «Finger knitting». knitty.com. Henta 20. september 2016. 
  2. 2,0 2,1 «Obsessed with life's extremes». Waikato Times. 5. oktober 2007. Henta 20 September 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]