Finn Bjelke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Finn Bjelke
Finn Bjelke (cropped).jpg
Fødd 10. april 1959
Oslo
Yrke journalist, skribent, programleiar
Finn Bjelke på Commons

Finn Bjelke (fødd 10. april 1959) er ein norsk humorist, forfattar, musikkjournalist og radiomann fødd i Oslo.

Bjelke er kjend som programleiar for Reiseradioen, Popquiz og Herreavdelingen i NRK, den siste saman med Yan Friis. Frå 1993 til 1995 var han mellom anna produsent for radioprogrammet Irma 1000NRK P3.

Frå 1985 til 1990 var Bjelke journalist i ungdomsbladet Det Nye. Han har også skrive for musikkavisene Puls og Beat.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Eigne bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 1999: GGG - Gyldendals gode gutteguide - saman med Yan Friis, illustrert av Frode Øverli
  • 2000: Året rundt med Finn og Yan - saman med Yan Friis
  • 2002: Pappa for første gang - illustrert av Frode Øveli
  • 2004: Småbarnspappa for første gang - illustrert av Frode Øverli
  • 2004: Popquiz - utgitt av NRK

Medredaktør[endre | endre wikiteksten]

  • 2001: Gubbealarm!
  • 2001: Kjerringalarm!
  • 2002: Fjortisalarm!
  • 2002: Fotballidiotalarm!

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Finn Bjelke