Finneid

Koordinatar: 67°15′17.611″N 15°26′25.534″E / 67.25489194°N 15.44042611°E / 67.25489194; 15.44042611
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

67°15′17.611″N 15°26′25.534″E / 67.25489194°N 15.44042611°E / 67.25489194; 15.44042611 Finneid er ein busetnad i Fauske kommune i Nordland, inst i Skjerstadfjorden. Staden er ein tidlegare utskipingsstad for malmen frå Sulitjelma Gruber. E 6 og Nordlandsbanen går gjennom Finneid. Sulitjelmabanen førte herfrå opp til gruvebyen, nedlagt 1972 og er no erstatta av veg. Finneid var tidlegare eit viktig bygdesenter i kommunen, er no nesten vakse saman med tettstaden Fauske.

Fyrste ledd i namnet kan kome av folkenamnet finn, eller mannsnamnet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Finneid» i Store norske leksikon, snl.no.