Fauske

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fauske
By
Fauske sentrum.jpg
Fauske sentrum sett frå lufta.
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Nordland
Kommune Fauske
Areal 4,52 km²
Folketal 6 251 (2017)
Folketettleik 1 383 / km²
Innbyggjarnamn fauskeværing
Preposisjon Fauske
Wikimedia Commons: Fauske (town)

Fauske er ein by og administrasjonssenteret i Fauske kommune i Nordland. Byen har 6 251 innbyggjarar per 1. januar 2017 og ligg inst i Fauskevika, ein arm av Skjerstadfjorden.

Fauske er eit kommunikasjonssenter med stasjon på Nordlandsbanen og utgangspunkt for Nord-, og Norgebussen til Kirkenes. Frå E 6 i Fauske fører riksveg 80 vestover til Bodø, og på Finneid lengst aust i tettstedet fører fylkesveg 830 austover til Sulitjelma. Fauske fungerer som servicesenter for Indre Salten. I Fauske er det variert industri, mellom anna bearbeiding av stein (marmor).

I byen ligg Fauske bygdetun, ein del av Nordlandsmuseet, Fauske kyrkje, som er ei langkyrkje i tre frå 1867, Fauske vidaregåande skole og Fagskolen i Fauske som gir tilbod innan bergverksdrift og tunnelarbeid.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]