Finnfjorden i Finnmark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Finnfjorden er ein fjord på nordsida av Sørøya i Hammerfest kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 5,5 km søraustover til Finnfjordbotn.

Fjorden har innløp mellom Saksnæringen i vest og Finnfjordskjeret i aust, like sør for Kamøya. Finnfjordholmen ligg eit godt stykke inn i fjorden og det siste stykket innanfor denne vert kalla Finnfjordbotn. Fjorden er 35 meter på det djupaste, heilt ytst i fjorden.

Det er ingen busetnader ved fjorden. Koordinatar: 70°48′30.114″N 23°9′25.632″E