Fiskarbonde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fiskebåt i Altafjorden.

Fiskarbonde er ein person som driv med både fiske og jordbruk. I dag finst det knapt fiskarbønder att, men tidlegare var dette eit svært utbreidd yrke langs heile kysten av Noreg.

Folk busette seg ute ved havet for å få så kort sjøveg som mogeleg. For å få endane til å møtast rydda dei òg nok jord til å få ei ku eller to og nokre sauer og geiter. Jordsmonet er ofte skrint ute i havgapet, men vintrane er mildare enn lenger inne i landet. Det var som oftast kona og ungane som stelte med krøtera medan kallen rodde fiske. Fiskarbønder som var med på lofotfisket var borte på vekesvis og då fall alt arbeidet på kjerringa og ungane.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.