Fjørå
Utsjånad
Fjørå (eller Fjøra[1]) er ei lita bygd i Fjord kommune på Sunnmøre. Til Fjørå reknar ein Selboskarbygda (med gardane Selboskar/Sjølbøskor, Hauge, Ruset, Ytterli og Sætra) og busetjinga ved nede fjorden (Vika og sjølva Fjørå). Den vesle tettstaden ved fjorden vart og kalla Haugsbukt fordi området blir rekna til garden Hauge.[2] Fjørå går frå Fjøretunnelen (mellom Sylte i Valldal og Vika) til Tafjordtunnelen, og til heia mot Valldal. Før Fjøretunnelen opna var innbyggjarane avhengige av båt. Fjørå fekk store skadar i Tafjord-ulukka i 1934, 17 personar omkom.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten] Denne geografiartikkelen som har med Møre og Romsdal å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.